Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvedal, Maria Gunnarsdotter
dc.date.accessioned2021-07-02T00:16:34Z
dc.date.available2021-07-02T00:16:34Z
dc.date.issued2021-06-02
dc.date.submitted2021-07-01T22:00:20Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2762956
dc.description.abstractTittel: «men du snakker jo som en true fucking diva» Ei undersøking av engelske importord og kodeveksling i fire norske humor- og underhaldningspodkastar Forfattar: Maria Gunnarsdotter Svedal Podkastmediet er i vekst, og tal frå Den Store Podrapporten (2020) viser at 84 prosent av podkastkonsumet til nordmenn er norskspråkleg. Norskspråkleg media er ikkje kjend som ein av kanalane der nordmenn møter mykje engelsk, men kan truleg vera ein viktig kanal når det gjeld språkleg påverknad. Denne oppgåva undersøker bruken av engelsk i ein episode frå kvar av dei fire norske humor- og underhaldningspodkastane Tusvik & Tønne, Friminutt med Herman og Mikkel, Jan Thomas og Einar blir venner og Harm & Hegseth, med utgangspunkt i ei problemstilling som spør kva slags språk som blir tilbydd norske podkastlyttarar i desse podkastane. Problemstillinga er konkretisert med dei følgjande forskingsspørsmåla: I kva grad er dei undersøkte podkastane prega av engelsk språk? Kva slags engelsk møter lyttaren i podkastane? Kva har ulike samtaleemne å bety for når lyttaren møter engelsk i desse podkastane? I dei fire podkastane møter lyttaren eit variert spekter av engelske innslag, og i oppgåva er fokuset på påverknaden på språket som kan høyrast umiddelbart. Dei engelske innslaga i episodane blir sorterte og analyserte etter lengd og grad av morfologisk og fonologisk tilpassing. Det teoretiske rammeverket i oppgåva er sentrert rundt teoriar om lån, låneprosessar, tilpassing og kodeveksling. I oppgåva blir det lagt til grunn at lån og kodeveksling er fenomen som slektar på kvarandre. Innanfor eit slikt syn reknar ein lån og kodevekslingar som punkt langs eit kontinuum, heller enn absolutte kategoriar (sjå til dømes Myers-Scotton, 2002). Dei engelske innslaga i det norske podkastspråket blir òg sett i lys av funn frå intervju med personar som er involverte i produksjonen. Desse intervjua gir eit tydlegare bilete av korleis podkastane blir produserte, ved å gi innsikt i tema som førebuing, språkleg medvit, bruk av manus og kven aktørane tenkjer at er deltakarar i podkastsamtalen. Studien viser at dei engelske innslaga i dei undersøkte podkastane er spreidde utover kontinuumet. Dei mest frekvente engelske innslaga er enkeltord, som ein finn i alle dei fire podkastane. Ein finn òg større segment som frasar og setningar hjå alle, men her er det større skilnader mellom podkastane. Harm & Hegseth skil seg ut som den mest engelskprega podkasten. Ved å samanlikna samtaleemna i podkastane, kan det sjå ut til at samtaleemne som har samband med eit engelskspråkleg land, personar som held til der, noko typisk angloamerikansk eller noko som føregår på engelsk fører til hyppigare bruk av engelske innslag. Resultata peikar òg i retning av at noko av engelsken kanskje er utanfor kontinuumet, ved at engelsk blir leika med og nytta kreativt på ulike måtar.
dc.description.abstractTitle: «but you are talking like a true fucking diva» A study of English borrowed and code-switching forms in four Norwegian humor and entertainment podcasts By: Maria Gunnarsdotter Svedal The podcast medium is increasing in popularity, and figures from Den Store Podrapporten (2020) (e. The Large Pod Report (my translation)) show that 84 percent of Norwegian listeners’ podcast consumption is in Norwegian. The Norwegian language media is not known as one of the channels where Norwegians meet a lot of English but can probably be an important channel when it comes to language influence. The thesis examines the use of English in one episode from each of these four Norwegian humor and entertainment podcasts: Tusvik & Tønne, Friminutt med Herman og Mikkel, Jan Thomas og Einar blir venner og Harm & Hegseth. The study seeks an answer to what kind of language is being offered to Norwegian podcast listeners in these podcasts. This is concretized by the following research questions: To what extent are the podcasts in question influenced by the English language? What kind of English does the listener encounter in the podcasts? Does the use of English depend on different topics of conversation in the podcasts? The listener meets a wide range of English segments in these podcasts, and the focus in the thesis is on the direct language influence that one can hear immediately. The English segments in the episodes are categorized and analysed based on length and degree of morphological and phonological adaptation. The theoretical framework in the thesis is centred around theories about borrowing, borrowing processes, adaptation and code-switching. A basis in the thesis is that borrowing and code-switching are related phenomena, which means that they are viewed as points along a continuum, and not as absolute categories (see e.g. Myers-Scotton, 2002). The English segments in the Norwegian podcast language is also viewed in the light of findings from interviews with participants involved in the podcast production. The interviews give a clearer picture of how the podcasts are produced, by offering a closer insight to topics as linguistic awareness, preparation, use of scripts, and who the interviewees view as participants in the podcast conversation. The study shows that the English segments in the examined podcasts are spread throughout the continuum. The most frequent English segments are single words, which are found in all of the podcasts. All the podcasts also include larger segments as phrases and sentences, but here the differences between the podcasts are greater. The podcast Harm & Hegseth stands out as the podcast most influenced by English. When conversation topics in the podcasts are compared, it seems as though topics involving an English-speaking country, people who live there, something typical Anglo-American, or something that is conducted in English, leads to more frequent use of English segments than other topics do. The results also suggest that some of the English that is being used might be placed outside the continuum. These segments are characterized by a playful and creative use of the English language.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectpodcast
dc.subjectpodkast
dc.subjectanglonorsk
dc.subjectnorsk
dc.subjectcode-switching
dc.subjectimportord
dc.subjectengelsk
dc.subjectengelsk i norsk
dc.subjectpodkastspråk
dc.subjectlånord
dc.subjectkodeveksling
dc.subjecttransspråking
dc.title«men du snakker jo som en true fucking diva» Ei undersøking av engelske importord og kodeveksling i fire norske humor- og underhaldningspodkastar
dc.title.alternative«but you are talking like a true fucking diva» A study of English borrowed and code-switching forms in four Norwegian humor and entertainment podcasts
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-07-01T22:00:20Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel