Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTollaksvik, Helene
dc.date.accessioned2021-10-06T07:15:03Z
dc.date.issued2021-09-01
dc.date.submitted2021-10-05T22:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2787967
dc.descriptionRevised version: some spelling errors corrected.
dc.description.abstractDet er mykje som peikar på at andrespråksundervisinga er ein av få situasjonar i Noreg kor det ikkje er like naturleg å snakka dialekta si. Innanfor andrespråksforskinga er ein kjend med fenomenet lærarspråk, som skildrar lærarar sine interaksjonelle og språklege tilpassingar. I norsk andrespråksundervising får lærarspråk ein ekstra dimensjon ved den norske talemålssituasjonen, og dei to skriftspråka ein kan gi opplæring i. Denne oppgåva undersøker lærarspråka til fire lærarar som arbeider ved to ulike vaksenopplæringssenter i Sunnhordland. Føremålet er å svara på problemstillinga: Korleis er lærarar sin tilpassingspraksis og oppfatningar om tilpassing av talemål i andrespråksundervising? For å konkretisera problemstillinga svarar eg på følgjande forskingsspørsmål 1. Korleis og i kva grad tilpassar lærarane talemålet sitt i undervisinga? Og 2. Kva læraroppfatningar har lærarane om tilpassing av talemål? Ved å nytta kvalitativ metode har eg samla inn materiale frå video- og lydopptak i lærarane si undervising, samt semistrukturerte intervju med videostimulert refleksjonssamtale. Undervisingsopptaka viser at lærarane har både dialektale og skriftnære trekk i lærarspråket sitt. Nokre har lite tilpassingar, og lærarspråket liknar talemålet deira utanfor undervisinga. Andre har mange tilpassingar, og lærarspråket kan karakteriserast som skriftnært. Lærarane utset likevel elevane for ein variert innputt, anten ved å medvite variera mellom skrift og tale i språket, eller ved å fortelja om dialekta i lokalsamfunnet. Intervjua viser at alle lærarane har ei oppfatning om at den språklege variasjonen kan vera utfordrande for elevane. Nokre har ei oppfatning om at å snakka eit tilpassa språk i undervisinga, som reduserer avstand mellom tale og skrift, er viktig for elevane si forståing. Dette må sjåast i samanheng med konteksten andrespråkslæringa føregår i, og nokre meiner at det berre er innanfor denne samanhengen at dialekt ikkje er viktig. Andre har ei oppfatning om at ein kan snakka tilpassa dialekt slik at elevane forstår. Elevane vil då verta vande med språkleg variasjon i norsk, og det vil kunna styrka integreringa. Undersøkinga viser at norsk lærarspråk inneheld meir språkleg variasjon enn det som tidlegare har vore anteke innanfor norsk andrespråksforsking. I undersøkinga tilpassar lærarane på ulike måtar og i ulik grad. Uavhengig av om dei snakkar dialektnært eller skriftnært, har alle lærarane ei oppfatning om at elevane må verta førebudd på variasjonen som finst særleg i munnleg norsk. Lærarane meiner at dette kan gjerast på ulike måtar, men er likevel samde i at ein må eksponera elevane for den lokale dialekta.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleKva gjer andrespråkslærarar med talemålet sitt i undervising av vaksne innlærarar? Ei kvalitativ undersøking av lærarar sine tilpassingar og læraroppfatningar om tilpassing av talemål
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-10-05T22:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0
dc.date.embargoenddate2022-09-01


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel