Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRød, Alison Jones
dc.date.accessioned2022-06-27T09:08:53Z
dc.date.available2022-06-27T09:08:53Z
dc.date.issued2022-05-20
dc.date.submitted2022-06-21T22:00:36Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3001021
dc.description.abstractFormålet med dette studiet har vore å undersøka norske elevar sin bruk av extramural English (EE) (engelsk utanfor klasserommet), til å identifisera ulikskapar mellom kjønn og for å sjå samanhengen mellom elevar sin EE og resultat i engelskfaget på skulen. Dette studiet tar for seg to TAF vidaregåande klasser på VG1. Klassane bestod til saman av 42 elevar (19 gutar og 23 jenter). Dataa frå studiet vart samla gjennom spørjeundersøking, vokabulartestar og skuleoppgåver. Målet med spørsmåla i spørjeundersøkinga var å samla bakgrunnsinformasjon, informasjon om elevane sin bruk av engelsk utanfor klasserommet, og elevane sitt syn på eigen bruk av engelsk i og utanfor skulen. I tillegg vart to små grupper bedne om å skrive dagbok i minst ein veke om korleis dei brukar engelsk utanfor skulen. Resultata visar at elevane brukar mange forskjellige type EE og omfanget av elevanes bruk av engelsk utanfor klasserommet varierer frå elev til elev. I tillegg brukar dei lite engelsk på jobb. Ein stor del av eksponeringa av det engelske språket elevane registrerte, kan gjenspeglast i elevanes bruk av engelsk i klasserommet, både gjennom resultata på vokabularprøvane og elevanes antyding til at dei opplever skriftleg og munnleg engelsk på skulen som vanskeleg. Det latar til at elevane brukar det som essensielt er eit L2-språk, i sosiale situasjonar, og svært få av dei er skeptiske til eksponeringa dei er utsette for. Dei er motiverte til å betra ferdigheitene sine i engelsk. Kjønn har lite å si for omfanget av engelsk utanfor klasserommet, men gutane brukar meir tid på YouTube og gaming. Forskjellane mellom jenter og gutar er større når det kjem til korleis elevane presterer i faget på skulen. Jentene fekk gjennomsnittleg betre resultat enn gutane, noko som reflekterer europeiske trendar. Det er også tydeleg i denne studiegruppa at det er manglande samanheng mellom location of learning (læringsstad) og locus of control (kontrollplassering) når det kjem til den engelske språkutviklinga. Desse resultata har didaktiske implikasjonar når det gjeld elevar i norsk vidaregåande skule og deira bruk av engelsk utanfor klasserommet, noko som gjer det enklare å identifisera områder der det er eit behov for meir forsking.en_US
dc.language.isoengen_US
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectacademicen_US
dc.subjectEFLen_US
dc.subjectgeneral studiesen_US
dc.subjectL2en_US
dc.subjectESLen_US
dc.subjectlanguage diaryen_US
dc.subjectBeyond the classroomen_US
dc.subjectExtramural Englishen_US
dc.subjectstudentsen_US
dc.subjectNorwegianen_US
dc.subjectTAFen_US
dc.subjectvocabularyen_US
dc.subjectvocationalen_US
dc.subjectgenderen_US
dc.subjectNorwayen_US
dc.subjectmultiliteraciesen_US
dc.subjecttechnicalen_US
dc.subjectupper secondaryen_US
dc.titleBeyond the English Classroom: A Study of Upper Secondary School Students’ Extramural English in Norwayen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2022-06-21T22:00:36Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk
dc.description.localcodeENGMAU650en_US
dc.description.localcodeVID-MAUENGen_US
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENGMAU650
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel