Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLøvland, Maria
dc.date.accessioned2022-12-16T09:47:54Z
dc.date.available2022-12-16T09:47:54Z
dc.date.issued2017-06-14
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3038208
dc.description.abstractI avhandlinga prøver eg forstå korfor familien Allmers får besøk av ei rottejomfru idet Allmers bestemmer seg for å bli ein sann far for den ni år gamle sonen sin, eit prosjekt som samstundes inneber ei pedagogisk-biologisk heilomvending tilbake til naturen med mål om å gjera Eyolf til «den fuldfærdige» i slekta deira, men som havarer idet Eyolf følgjer etter Rottejomfrua ned til sjøen, der han fell uti mens han ser ho ro bort. Han druknar. Resepsjonen har stort sett konkludert med at foreldra er skuld i hendinga, noko dei òg kjem fram til sjølve, men i så fall må det vera indirekte. Foreldra var skuld i at Eyolf fall frå stellebordet som eittåring, og fekk ein lam fot, men dei veit ikkje at Eyolf følgjer etter Rottejomfrua, eller frøken Varg, som ho eigentleg heiter. I analysen min har eg rykka frøken Varg og Mopsemann i sentrum for å sjå om det kan gjera det lettare å forstå sider ved stykket som har blitt verande gåtefulle, uansett kor mange analysar av dei ulike familiemedlemmane og relasjonane dei imellom, eg har lese. Med utgangspunkt i Allmers' biologisk-pedagogiske paradigmeskifte, tolkar eg stykket i lys av den samtidige evolusjonsteoretiske konteksten, m.a. gjennom tekstar av Darwin, Spencer og Häckel, samstundes som eg trekker inn intertekstuelle forbindelsar til andre forfattarar og andre tekstar frå Ibsen. Frøken Varg, som ilag med Mopsemann, representerer eit evolusjonsspenn frå ulv til mops, og impliserer dikotomien natur-kultur, trer i denne konteksten fram som det personifiserte kvalitetsvalet, som saman med Mopsemann kan lesast som ei mytologisk lekamleggjering av evolusjonen. Allmers' pedagogiske heilomvending ser ut til å vera heilt i tråd med Spencers Om Opdragelse, som i tillegg tilbyr ei forklaring på Eyolfs svake fysiske og psykiske konstitusjon. Når faren overlèt oppsedinga av sonen til naturens lovmessigheiter, blir konsekvensen at Eyolf bukkar under i kampen for tilværet, til fordel for dei fattige gutane som stod og såg på at Eyolf drukna, og som ekteparet Allmers nå vil ta til seg «i Eyolfs sted», i håp om at det på sikt kan komma til å fylla tomrommet i tilværet og smerten etter Eyolf med «Noget, som kunde ligne en slags kærlighed».en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.title«Forvandlingens lov» - Ibsens Lille Eyolf (1894) i lys av samtidig kontekst med særleg vekt på utviklingslæraen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMastergradsoppgave i nordisk
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-00


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel