Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFolgerø-Holm, Kari Hilde
dc.date.accessioned2023-01-24T15:02:08Z
dc.date.issued2022-11-01
dc.date.submitted2023-01-23T09:28:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3045958
dc.descriptionPostponed access: the file will be accessible after 2027-11-01
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om identitet og fellesskap blant ungdom i industristaden Odda i Hardanger. Odda er ein av stadane som på byrjinga av 1900-talet var ein del av industrialiseringa i Noreg. I dag er det framleis to store fabrikkar i kommunen som sysselsett mange av innbyggjarane. Då hyrnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagt ned i 2003, vart det knytt usikkerheit til lokalsamfunnets avhengighet av industri. I nyare tid har likevel optimismen rundt dei resterande fabrikkane blomstra, blant anna grunna nye investeringar og planar om utviding. Fleire forskarar har peikt på at avindustrialisering og ein aukande servicesektor i den vestlege verda har skapt nye vilkår for identitetsdanning blant unge frå den tradisjonelle arbeidarklassen. Eg spør korleis arbeidaridentitet og fellesskapskjensle blant ungdom kjem til uttrykk i ein lokal kontekst der industrien fortsatt spelar ei viktig rolle. Med inspirasjon frå blant anna Sverre Lysgaard sin sosiologiske studie Arbeidarkollektivet frå 1961, utforskar eg om ungdommane i Odda, i hovudsak gutar som er i overgangen frå utdanning til arbeid, kjenner på ein liknande form for kollektivistisk (arbeidar)fellesskap slik som tidlegare generasjonar har gjort, eller om dei heller kan seiast å vere prega av individualiserte orienteringar. Oppgåva har ei fenomenologisk tilnærming som fokuserer på den subjektive erfaringsverda og tek for seg korleis ungdommane oppfattar seg sjølv og andre. Gjennom det sosiologiske omgrepet interseksjonalitet argumenterer eg for at sosiale kategoriar som kjønn og klasse er tett knytt opp til ungdommane si identitetsdanning. Til slutt argumenterer eg for at det antropologiske omgrepet intersection kan bidra med å gi ei breiare forståing av ungdommane i Odda si identitetsdanning, då også andre relevante differensieringskategoriar kjem til uttrykk.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.title«Ein må tole å bli skitten på fingrane» - Ein studie av identitet og fellesskap blant unge i industristaden Odda
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-01-23T09:28:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve
dc.description.localcodeSANT350
dc.description.localcodeMASV-SANT
dc.subject.nus738106
fs.subjectcodeSANT350
fs.unitcode15-34-0
dc.date.embargoenddate2027-11-01


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel