Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHestetun, Jonas Heggestad
dc.date.accessioned2023-06-10T00:02:05Z
dc.date.available2023-06-10T00:02:05Z
dc.date.issued2023-05-15
dc.date.submitted2023-06-09T22:00:04Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3070802
dc.description.abstractDet å kunne uttrykkje seg munnleg er beskrive som ei av fem grunnleggjande ferdigheiter i norsk skule. Dei siste åra har sett eit endrande fokus når det gjeld morsmålsnormer innan språklæring, også innan engelskfaget. Det engelske språket er i stadig vekst og har utvikla seg til å bli eit verdsspråk. Med andre ord blir det engelske språket i dag fyrst og fremst nytta til å kommunisere internasjonalt, på tvers av landegrenser og disiplinar. Denne utviklinga er også synleg i læreplanane i den norske skulen. Tidlegare læreplanar har idealisert morsmålsbrukarar av engelsk, derav britisk og amerikansk i hovudsak, medan den nyaste læreplanen ikkje spesifiserer korkje den eine eller andre varianten av engelsk når det gjeld kva uttalevariantar som skal nyttast. Samstundes er det ei oppfatning at engelsklærarar i norsk vidaregåande skule framleis føretrekkjer engelskvariantar tilhøyrande morsmålbrukarar. Med utgangspunkt i dette tok denne masteroppgåva i sikte på å undersøkje kva haldningar engelsklærarar på norske vidaregåande skular har knytt til det engelske språk, særleg når det gjeld ulike uttalevariantar og korleis dette påverkar vurderinga av elevane si munnlege kompetanse i engelskfaget. Studiet gjev innblikk i ti lærarar sine tankar og haldningar kring, og bruk av uttalevariantar av engelsk. Dette er eit empirisk studie som har nytta både kvantitativ og kvalitativ metode for å undersøkje det aktuelle fenomenet. Datamaterialet er innhenta gjennom ti lærarar frå ulike vidaregåande skular i Noreg, der deltakarane har svart både på ei spørjeundersøking og eit påfølgande intervju. Resultata syner at lærarane totalt sett er svært einige i at det å kunne kommuniserer på engelsk er det viktigaste for elevane. Samstundes kjem det fram at lærarane rangerer morsmålsbrukarar av engelsk høgare enn dei som har det som andrespråk. Dette til trass for at lærarane hevdar at dei ikkje bryr seg om kva uttalevariant elevane har. Vidare kjem det også fram at alle deltakarane føretrekkjer både å lytte til og å snakke engelsk med morsmålslik uttale. Eit anna viktig funn er at lærarane ser ut til å verdsette ulike faktorar når dei skal vurdere elevane si munnlege kompetanse. Samla sett gjev resultata grobotn for å seie at lærarar framleis verdset engelskvariantar tilnærma morsmålbrukarar, og at lærarar verdset ulike faktorar i vurderingsarbeid av elevane.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectspoken English
dc.subjectassessment
dc.subjectoral competence
dc.subjectLanguage attitudes
dc.title"Ingen bryr seg om du har ei amerikansk eller britisk uttale": språkhaldningar knytt til munnlege varianter av engelsk i norske klasserom
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-09T22:00:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel