Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSmedbold, Hedda
dc.date.accessioned2023-06-22T23:59:14Z
dc.date.available2023-06-22T23:59:14Z
dc.date.issued2023-05-15
dc.date.submitted2023-06-22T22:00:15Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3072763
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ein korpusassistert diskursanalyse i økolingvistikk som utforskar klimadiskursen til Equinor tilknytt ikkjefornybar energi og berekraft. Det overordna målet med oppgåva er å oppdage om Russland sin invasjon av Ukraina i februar 2022 og den følgande energikrisa i Europa har hatt innverknad på korleis olje og gass og generelle klimaomsyn blir framstilt av Equinor – ein av dei største energiforsynarane i Europa. Oppgåva fokuserer på korleis Equinor kommuniserer klimarelaterte bodskap til det offentlege, og såleis består datamaterialet for analysen hovudsakleg av selskapet sine eigne nyhenderapportar. For å avdekke om Equinor si eiga framstilling stemmer overeins med den offentlege oppfatninga av selskapet blir nyhendeartiklar som diskuterer Equinor brukt som samanlikningsgrunnlag. Økolingvistikk dreier seg i hovudsak om å kritisere språkbruk som kan vere skadeleg for naturen og ulike økosystem. Hovudmotivasjonen bak oppgåva er difor å avdekke om den russisk-ukrainske krigen som har resultert i auka etterspurnad etter olje og gass har forårsaka ei nedprioritering av klimaomsyn hjå store energiaktørar som Equinor og hjå befolkninga elles. Dette utfallet verkar sannsynleg då krig og energimangel kan reknast som meir akutte og handfaste problemstillingar enn høge klimagassutslepp og global oppvarming. Diskursanalyse innan korpuslingvistikk er ei tosidig tilnærming som blandar både kvantitative og kvalitative metodar. Som resultat inneheld analysen eit nokså klart bilete av kva språktendensar som er gjeldande i dei aktuelle korpora og kva dei kan fortelje oss om klimadiskursen tilknytt Equinor. Funna i analysen viser til to sentrale tendensar: (1) Equinor framstiller seg som eit grønare og meir berekraftig selskap enn det blir skildra som i offentlege nyhender, og (2) krigen mellom Russland og Ukraina ser ut til å ha minka klimaomsynet noko, særleg i Equinor sin diskurs. Desse tendensane viser med andre ord til at den aktuelle språkbruken ikkje fremmer miljøomsyn i betydeleg grad. Dette er ein viktig observasjon ettersom energisektoren tilknytt ikkjefornybar energi – som Equinor er med å representere – er industrien med høgst mengde klimagassutslepp og difor kan seiast å ha eit spesielt ansvar ovanfor miljøet. Alt i alt kan denne oppgåva bidra med å rette fokus mot korleis store energiaktørar innan ikkjefornybar energi posisjonerer seg i klimadebatten, og vidare mot korleis miljøomsyn blir vurdert av både energiaktørar og offentlegheita i lys av prøvande tider som utfordrar berekraftig fokus.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleEquinor's Climate Discourse in Light of the Russo-Ukrainian War and Following Energy Crisis in Europe: A Corpus-assisted Discourse Study in Ecolinguistics
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-22T22:00:15Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel