Samspelet mellom havenergilova og energilova ved regulering av energinettet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3086803Utgivelsesdato
2023-05-10Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Faculty of Law [2477]
Sammendrag
Temaet for masteroppgåva er samspelet mellom havenergilova og energilova ved regulering av energinettet. Etablering og drift av eit nettanlegg frå ein havvindpark utanfor grunnlinja til eit tilknytingspunkt på land, aktualiserer båe lover. Nettverksemder som driv overføring, omforming eller fordeling av elektrisk energi, utgjer ein del av eit naturleg monopol. For å sikre samfunnsøkonomisk effektiv ressursbruk, må nettverksemda vere underlagt ei rekkje nettreguleringar, som inkluderer reglar om konsesjonar for anlegg og drift, tilsyn, tilknyting- og investeringsplikt, marknadsadgang, eigarskap, inntekt og tarriffering. Oppgåva skal gjere ein rettsdogmatisk analyse av dagens regelverk knytt til nettanlegg frå ein havvindpark til eit tilknytingspunkt på land, med føremål om å vurdere om regelverket er føreseieleg for havvindaktørar. Eventuelt blir spørsmålet om regelverket kan gjerast meir føreseieleg.