Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOlderkjær, Ingvild
dc.date.accessioned2024-01-04T00:42:42Z
dc.date.available2024-01-04T00:42:42Z
dc.date.issued2023-11-20
dc.date.submitted2023-11-20T12:01:43Z
dc.identifierNORMAU650 0 MAO ORD 2023 HØST
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3109660
dc.description.abstractSamandrag Denne studien undersøkjer korleis prinsippa i vurdering for læring kan vera nyttige i møte med skriftleg tekstskaping i norskfaget. Erfaring tilseier at vurderingsarbeidet i norsk er tidkrevjande, og at norsklærarar på vidaregåande nyttar summative vurderingar oftare enn det opplæringslova legg føringar for. Elevane har berre krav på slike vurderingar ved terminslutt og når standpunktkarakterane skal setjast, noko som betyr at læraren kan leggja om til ein meir formativ vurderingspraksis i faget. Forsking viser at om elevane skal heva standarden på arbeidet sitt, er formative vurderingar essensielt og at å heva standarden på denne type vurderingar, vil ha stor betydning. Studien undersøkjer både elev- og lærarperspektivet, og ser etter korleis begge opplever ein skriveprosess som systematisk byggjer på prinsippa i vurdering for læring. Målet med studien er å utvikla ein meir formativ vurderingspraksis. Studien er gjennomført som eit aksjonsforskingsprosjekt, der det å utvikla nye og forbetra praksisar på eigen arbeidsplass er hovudmålet. Ved å testa eit undervisningsopplegg i norsk skriftleg, som er bygd opp etter prinsippa i vurdering for læring, er hensikta å finna ut om både elevane og læraren opplever dette som nyttig og lærerikt. Materiale for studien er ei kvantitativ spørjeundersøking og eit kvalitativt intervju. I forkant av denne innsamlinga, har eg testa ut undervisningsopplegget i eigen klasse, i tillegg har ein kollega gjennomført ei pilotering av prosjektet. Informantane i studien er elevar og lærarar ved eigen skule. Analysen av det empiriske materialet viser at både elevane og læraren opplever den formative vurderingspraksisen undervisningsopplegget legg opp til, som nyttig og lærerik. Eit sentralt funn er at begge partar verdset det å visa gode elevdøme, høgast. Eit anna funn er læraren si tilbakemelding om at den formative vurderingspraksisen, fordrar ein ny måte å planleggja undervisning på. Studien konkluderer med at prinsippa i vurdering for læring er nyttige i møte med skriftleg vurderingsarbeid, dersom læraren planlegg undervisninga si ut i frå desse prinsippa. Det betyr at læraren må ha god kunnskap om vurdering for læring, og aktivt ta metodiske val som samsvarar med denne vurderingspraksisen. Skal ein få dette til, må læraren vera god på langtidsplanlegging, då dei ulike stega i skriveprosessen ikkje kan vera tilfeldige.
dc.description.abstractSummary This study examines how the principles of assessment for learning can be useful in the context of written text creation in the Norwegian subject. Experience suggests that assessment work in Norwegian is time-consuming, and high school Norwegian teachers more often use summative assessments than what is prescribed by the Education Act. Students are only entitled to such assessments at the end of term and when final grades are to be set, which means that teachers can transition to a more formative assessment practice in the subject. Research shows that for students to raise the standard of their work, formative assessments are essential, and elevating the standard of this type of assessment will have a significant impact. The study investigates both the student and teacher perspectives, examining how both experience a writing process systematically based on the principles of assessment for learning. The goal of the study is to develop a more formative assessment practice. The study is conducted as an action research project, with the main goal being to develop new and improved practices in one's own workplace. By testing a teaching program in Norwegian writing that is built on the principles of assessment for learning, the intention is to find out if both students and teachers find this to be useful and educational. The materials for the study include a quantitative survey and a qualitative interview. Prior to this data collection, I tested the teaching program in my own class, and a colleague conducted a pilot of the project. The informants in the study are students and teachers at my own school. The analysis of the empirical data shows that both students and teachers find the formative assessment practice outlined in the teaching program to be useful and educational. A key finding is that both parties value the display of good student examples the most. Another finding is the teacher's feedback that the formative assessment practice requires a new way of planning instruction. The study concludes that the principles of assessment for learning are useful in the context of written assessment work if the teacher plans their instruction based on these principles. This means that the teacher must have a good understanding of assessment for learning and actively make methodological choices that align with this assessment practice. To achieve this, the teacher must be skilled in long-term planning, as the various steps in the writing process cannot be random.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleVurdering for læring i norsk skriftleg
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-11-20T12:01:43Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgave i undervisning med fordypning i norsk
dc.description.localcodeNORMAU650
dc.description.localcodeVID-MAUNOR
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNORMAU650
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel