dc.contributor.author | Wolfe, Linn Christine Zwartjes de | |
dc.date.accessioned | 2024-02-01T00:41:09Z | |
dc.date.available | 2024-02-01T00:41:09Z | |
dc.date.issued | 2023-11-15 | |
dc.date.submitted | 2023-11-15T08:01:45Z | |
dc.identifier | HELVID650 0 O ORD 2023 HØST | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3114944 | |
dc.description.abstract | Dette studie ser på relasjon mellom leiar og medarbeidar i store kontrollspenn. Det er ein kvalitativ studie som er gjennomført ved hjelp av kvalitativt forskingsdesign med tematisk analyse av djubdeintervju. Studie ser på avdeling med 50 eller fleire tilsette i spesialisthelsetenesta.
Resultat frå denne undersøkinga viser at leiarane opplever stort kontrollspenn som ei utfordring sett i samband med det relasjonelle aspektet mellom leiar og medarbeidar. Det utfordrar leiar på oppfølging av medarbeidarane og gjer det vanskeleg å lære alle å kjenne. Utfordringane knytt til stort kontrollspenn har sitt utspring i oppgåveomfang og den tilgjengelege tida som leiar har til rådigheit. Alle leiarane er fokuserte på å vere nær dei tilsette og den aktiviteten dei har ansvar for. Dette gjer dei ved å praktisere oppsøkjande verksemd og vere synlege som leiarar. Gjennom leiarteam som består av assisterande leiar og fagsjukepleiarar søkjer dei å styrke sitt handlingsrom ved å delegere oppgåver. Studiet finn at utstrekt bruk av delegering kan gje ei negativ slagside til det relasjonelle samspelet mellom leiar og medarbeidar. Dette grunnar i at store delar av den daglege kontakten finn stad mellom assisterande leiar, anna støttepersonell og medarbeidar i staden for mellom medarbeidar og leiar. Dette kan føre til ei pulverisering av leiarrolla. | |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | The University of Bergen | |
dc.rights | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.subject | Ledelse | |
dc.subject | Kontrollspenn | |
dc.subject | Handlingsrom | |
dc.title | Ein studie av relasjonen mellom leiar og medarbeidar i store kontrollspenn | |
dc.type | Master thesis | |
dc.date.updated | 2023-11-15T08:01:45Z | |
dc.rights.holder | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.description.degree | Masteroppgave i helseledelse, kvalitetsforbedring og helse�konomi (EVU) | |
dc.description.localcode | HELVID650 | |
dc.description.localcode | MATF-HEVID | |
dc.subject.nus | 761901 | |
fs.subjectcode | HELVID650 | |
fs.unitcode | 13-26-0 | |