Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHunnes, Olav Bøe
dc.date.accessioned2018-05-15T11:52:19Z
dc.date.available2018-05-15T11:52:19Z
dc.date.issued2018-04-17
dc.date.submitted2018-04-17T06:33:38Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17711
dc.description.abstractUnge i Noreg blir blant fleire skildra som å inngå i ein alkoholkultur der det å drikke mykje alkohol ved kvart drikkehøve står sentralt. Fadderveka har blitt tolka som ei stadfesting av denne alkoholkulturen, ved at fokuset i veka ligg på å drikke mest mogleg alkohol. Tidlegare forsking på fadderveka har vist at veka i stor grad dreiar seg rundt alkoholkonsum. Likevel har fokuset blant studentane vore på å ha kontroll på seg sjølv og sitt eige alkoholinntak. Tradisjonell fylleåtferd som utagering og seksuell tilnærming blir sett på som oppførsel som avviker frå norma i fadderveka. I denne oppgåva er det eit ynskje å bygge vidare på denne kunnskapen ved å undersøke korleis studentane ved Universitetet i Bergen opplever alkoholfokuset i fadderveka, og deira oppleving av fadderveka som arrangement. Analysen baserer seg på tre underspørsmål: (i) Korleis kan alkohol vere med å legge til rette for fellesskap i fadderveka ved Universitetet i Bergen? (ii) Kva skildringar gjev studentane av alkoholen si tyding i fadderveka ved Universitetet i Bergen? (iii) Kva sosiale normer synes å vere sentrale i fadderveka ved Universitetet i Bergen – og korleis opplevast dei av studentane? Med utgangspunkt i dette vil det avslutningsvis bli drøfta eit overordna spørsmål i høve studentane si oppleving av fadderveka: Kva forhold har studentane til alkohol i fadderveka ved Universitetet i Bergen? Datamaterialet består av 10 semistrukturerte djupneintervju med studentar frå ulike fakultet, som deltok i fadderveka ved Universitetet i Bergen, hausten 2017. I analyseprosessen har ei grounded theory-tilnærming vore ei stor inspirasjonskjelde, ved at respondentane sin kunnskap og innsikt i stor grad har forma valet av teoretisk rammeverk. Målet har vore å forstå fadderveka som struktur, gjennom respondentane sine auge. Respondentane skildrar korleis det å delta i fadderveka er eit innviingsritual til livet som student. Alkoholen er såleis viktig for å kunne sleppe seg laus å bli kjend med nye menneske i veka. Dei som ikkje deltek på festane opplever å vere utanfor fellesskapet. Festane i veka blir såleis ein viktig arena for å bli kjend. Det gjeld samstundes tydelege sosiale normer for oppførsel i fadderveka, som studentane må halde seg til. Konklusjonen blir at alkoholen er viktig for studentane, fordi den gjer det lettare å bli kjend med nye og ha det kjekt. Fokuset ligg ikkje på å drikke seg mest mogleg full, men å ha det kjekt saman. Studentane opplever likevel at fokuset på alkohol er litt for sterkt, og at det er slitsamt å drikke alkohol så mange dagar på rad. Alkoholen og fokuset på festane ekskluderer også dei som ikkje drikk. Fleire av studentane framhevar difor at det hadde vore betre å ha ei jamnare fordeling mellom alkoholarrangement og alkoholfrie arrangement. Det er likevel viktig å legge til rette for at flest mogleg då møter på dei alkoholfrie arrangementa.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectintroduksjoneng
dc.subjectfellesskapeng
dc.subjectalkoholeng
dc.subjectovergangsritualeng
dc.subjectfesteng
dc.subjectfaddervekeeng
dc.subjectkvalitativ metodeeng
dc.subjectintervjueng
dc.title«Du skapar ubehaget sjølv» - Tankar rundt alkoholen si tyding i fadderveka ved Universitetet i Bergeneng
dc.title.alternative"You create the discomfort yourself" - Thoughts around the importance of alcohol in the student introductory week at the University of Bergeneng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2018-04-17T06:33:38Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeSOS360
dc.subject.nus732106eng
fs.subjectcodeSOS360
fs.unitcode15-11-00


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel