Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHope, Britaeng
dc.date.accessioned2015-06-18T09:19:35Z
dc.date.available2015-06-18T09:19:35Z
dc.date.issued2015-05-15
dc.date.submitted2015-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/10023
dc.description.abstractSamandrag Denne studien tek sikte på å undersøke samanhengen mellom utviklinga av stølsdrift og samfunnsendringar i indre Sogn i jarnalderen og mellomalderen. Eit stort tal tufteanlegg i utmarks- og fjellområde i indre Sogn er registrerte og granska dei siste 40 åra. Desse er primært tolka som tidlege former for stølsbruk. I Sogndal har det vore gjort lite om emnet i arkeologisk forsking, til trass for at det dei siste ti åra er funne eit omfattande tal tufteanlegg også her. Dette er funn som gjev grunnlag for å få meir kunnskap om den eldste forma for stølsdrift i indre Sogn. 15 tufteanlegg i Sogndal vart registrerte og daterte sommaren 2013. Dateringane tidfesta anlegga mellom 200-1400 AD. I tillegg er det samla inn data frå tidlegare registreringar i indre Sogn for å kunne sjå utviklinga av drifta i ein regional samanheng. Dei eldste tufteanlegga er daterte til romartid. Desse er ofte rektangulære, store tufter og gjev inntrykk av å vere av meir permanent karakter. Mellom anna kolgroper ved anlegga kan tyde på ein meir omfattande bruk i den eldste perioden. Anlegga kan setjast i samanheng med den desentraliserte gardsstrukturen som veks fram i romartida. I yngre jarnalder får tufteanlegga ein annan karakter. Små, hesteskoforma tufter dominerer og kan reflektere ein ny bruk, truleg av ei meir spesialisert form. Kolgropene kan ha samanheng med jarnvinna på Filefjell, og kan reflektere ein spesialisert økonomi. I mellomalder vert det fleire anlegg, men færre tufter på kvar lokalitet, og kolgropene ligg ikkje lenger i direkte tilknyting til tuftene. Anlegga syner eit auka press på jordbruksproduksjonen. Ein meir marknadsretta økonomi har bidrege til ei ytterlegare spesialisering av stølsdrifta, truleg meir lik nyare tids stølsdrift. Aktiviteten i stølsområda i indre Sogn ser ut til å auke fram til Svartedauden, før det skjer ein brå nedgang i talet på stølsbruk.en_US
dc.format.extent4847407 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.rightsCopyright the author. All rights reservedeng
dc.subjectstølsdrifteng
dc.subjectindre sogneng
dc.titleStølsdrift i indre Sogn. Framvekst og utvikling frå eldre jarnalder til seinmellomaldereng
dc.typeMaster thesis
dc.description.degreeMaster i Arkeologi
dc.description.localcodeMAHF-ARK
dc.description.localcodeARK350
dc.subject.nus713306eng
fs.subjectcodeARK350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel