Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAudestad, Torbjørn
dc.date.accessioned2016-08-19T16:36:22Z
dc.date.available2016-08-19T16:36:22Z
dc.date.issued2016-06-02
dc.date.submitted2016-06-02eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12652
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om misoppfatningar i algebra hjå 1.års-elevar i vidaregåande skule. Målet med oppgåva har vore å gje meg som matematikklærar større innsikt i misoppfatningar og vanskar elevar møter i algebra. Eg har prøvd setja meg inn i relevant teori på førehand og undervegs i arbeidet, og eg har samanlikna resultata eg har funne med andre tidlegare arbeid. Det var totalt 91 elevar som deltok i denne studien. Elevane fulgte matematikkkursa 1P-Y, 1P eller 1T, hovudsakleg ved den skulen eg jobbar på. Masterprosjektet følgjer eit mixed methods- design. Den kvantitative delen består av ei kartleggingsundersøking der elevane sine dugleikar i algebra vart kartlagt gjennom ei rekkje oppgåver. Resultata vart registrerte i eit Excel-dokument. På bakgrunn av desse dataa vart det utarbeidd ein intervjuguide som vart brukt i intervju med eit utval på ti av elevane som deltok i studien. Eg intervjua elevar for å få ei djupare innsikt i nokre av misoppfatningane som kom fram i testen. Intervjua utgjorde den kvalitative delen av studien, og gav eit meir nyansert innsyn i elevane si tenking. Resultata av kartleggingsprøva viste tydelege teikn på at det rådde ein del misoppfatningar hjå elevane. Mange av elevane sat utelukkande med prosedyrekunnskapar, dei viste lita eller ingen forståing for kva dei gjorde. Dei elevane som som såg ut til å ha manglande strukturell kunnskap, vart avslørte i oppgåver der forståing av variablar var ein føresetnad for å få til oppgåvene. Det viste seg å vera ein samanheng mellom grunnleggjande matematiske dugleikar og dei vanskane elevane møter i algebra. Hol i kunnskapen i aritmetikk gjer vegen vidare med algebra alt anna en enkel. Eg oppdaga at det var fleire sider ved misopfatningane eg studerte som eg ikkje hadde sett for meg på førehand. Elevane hadde ulike forklaringar på det eg trudde skuldast ei type misoppfatning. For meg var derfor den rikaste erfaringa i dette arbeidet kor komplisert det er å finna ut av kva eleven faktisk tenkjer når han løyser oppgåver i matematikk. Er det ei misoppfatning som faktisk ligg bak eit feilsvar, eller er det feil som skuldast slurv, feil knytt til System 1-tankegang, eller er det rett og slett kognitiv svikt? Dette viste seg altså vera samansatt å finna ut av. Det viser seg av dataa mine at ei oppgåvene i algebra som vert oppfatta som vanskeleg for ein 1P-Y-elev òg vil vera det for ein 1P- eller 1T- elev, men då i ulik grad. Misoppfatningar er med andre ord kompliserte, men dess viktigare å ha kjennskap til for å få til ei best mogleg tilpassa undervisning for eleven.en_US
dc.format.extent4523845 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectAlgebranob
dc.subjectMatematikkdidaktikknob
dc.subjectVideregående skolenob
dc.titleMisoppfatningar i algebra hjå elevar på første trinn i vidaregåande skuleen_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeVID-MAUMAT
dc.description.localcodeMAUMAT650
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c003266
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c012459
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c002151
dc.subject.nus753199eng
fs.subjectcodeMAUMAT650


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel