Show simple item record

dc.contributor.authorGrindheim, Liv Torunneng
dc.date.accessioned2006-08-03T11:57:02Z
dc.date.available2006-08-03T11:57:02Z
dc.date.issued2003eng
dc.identifier.isbn82-8088-254-5 (electronic version)eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/1568
dc.description.abstractTema for prosjektet mitt er korleis barn bidreg til kvarandre si utvikling av sosial kompetanse, kva dei lærer kvarandre gjennom aktivt samspell og fellesskap i barnehagen. Personalet og barna i barnehagen har ei sentral rolle for personleg og sosial utvikling for barn som brukar store delar av kvardagen sin der. Dermed blir dei vaksne sine kunnskaper om sosialiseringsprosessen ei viktig kjelde til utviklilng av sosial kompetanse hos barn. Prosjektet set forkus på sosialisering i relasjonar mellom barn. Sosial kompetane blir ofte sett på som ein individuell eigenskap, eller ”eigendom” ein ber med seg. I denne oppgåve, derimot, blir sosialisering sett på utifrå eit sosiokulturelt perspektiv og Etienne Wenger sin sosiale læringsteori, der læring og utvikling blir knytt til deltaking i praksisfellesskap. Utifrå eit slikt syn blir det å delta i fellesskapet i barnehagen, det viktigaste for utvikling av sosial kompetanse. Slik deltaking og utvikling føregår primært gjennom forhandling om meining. Forhandling om meining er noko av det vktigaste som skjer i samspell og kommunikasjon mellom barn. Ei slik tenking medfører at sosialisering blir noko som ligg nærare utvikling av identitet til og i eitt fellesskap, enn utvikling av individuell kompetanse. Min etnografiske mikrostudie viser barn i deltaking i forhandling om meining, i kvardagen deira. I sine fellesskap konstruerer barna kontrakter og system, i meiningsskapande samhandling gjennom leik, samarbeid og konflikter. Eg set forhandlingane inn i ein større kontekst ved å presentera barnehagen for feltarbeidet, og viktige trekk ved samfunnet, som barnehagen og barna er ein del av. I tillegg blir desse forhandlingane sett på i forhold til sosiale konstruksjonar som deltakarbanar og sosiale kontrakter. Både barna og sosiale konstruksjonar i barnehagen er ein del av forhandlingane. Det viser seg at forhandlingar står i ei særstilling mellom barn som er om lag like i alder og posisjon, og dermed utpeikar slike fellesskap seg som spesielt utviklande å vera deltakar i. Dette fører til utfordringar for dei vaksne i barnahagaen. Oppgåva avsluttar med å skissera måtar å møta desse utfordringane på.no
dc.format.extent916395 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonobeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleSosialisering mellom barn Ein studie av barnehagen som praksisfellesskapnob
dc.typeMaster thesiseng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nob
dc.subject.archivecodeMastergradeng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record