Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEikrem, Amund Sæther
dc.date.accessioned2017-06-23T10:59:32Z
dc.date.available2017-06-23T10:59:32Z
dc.date.issued2017-06-13
dc.date.submitted2017-06-12T22:00:29Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/16095
dc.description.abstractI denne masteroppgåva undersøkjer eg kva som medverkar til ein god overgang frå utdanning til arbeid. Dette blir gjort ved å nytte tre mål på utfall i arbeidsmarknaden. Dei tre måla er varigheita av jobbsøket, startløna og varigheita av tilsettinga i den første jobben. Analysen blir gjort på anonymiserte, norske registerdata frå perioden 2003 til 2013. Datasettet inneheld detaljert informasjon om utdanning, arbeid, demografi og mottak av trygdeytingar. Det er grunn til å tru at utfalla er påverka av uobservert heterogenitet. Ei korrigering for dette blir gjort med økonometrisk modellering. Deltaking i arbeidsmarknaden kan henge saman med utfalla på måtar som ikkje lar seg observere. Eg nyttar derfor ein seleksjonsmodell for å fjerne skeivheit i dei estimerte effektane. Ytterlegare uobservert heterogenitet som kan påverke resultata blir diskutert. Resultata viser ein sterk samanheng mellom utdanning og gunstige utfall i arbeidsmarknaden, som kortvarig jobbsøk og høg startløn. I tråd med tidlegare norsk forsking, viser eg at avkastninga av høgare utdanning i Noreg er relativt låg i internasjonal samanheng. Avkastninga er derimot høg for individ med allmennfagleg vidaregåande skule, samanlikna med grunnskuleutdanning. Yrkesfagleg vidaregåande opplæring gir lite gevinst i form av startløn, men gir rask overgang frå utdanning til arbeid og stabil tilsetting. Vidaregåande skule betrar dermed utfalla i arbeidsmarknaden i betydeleg grad. Resultata viser òg at jobbsøk er produktivt på den måten at lenger jobbsøk gir høgare startløn. Samanhengen mellom vargheita av jobbsøket og varigheita av første jobben er derimot negativt. Dette kan indikere at det ikkje er rimeleg å rekne langvarig jobb som eit einsidig positivt utfall. Samanlikning med tidlegare litteratur tilseier at kjønn er ein mindre avgjerande faktor for utfall i arbeidsmarknaden enn tidlegare, og det blir ikkje estimert skilnad i løn mellom kjønna. Analyse av data er gjort med Stata 14. Databehandling er gjort med Stata 14 og MS Excel.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectutdanningeng
dc.subjecttobiteng
dc.subjectArbeidsmarkedeng
dc.subjectseleksjoneng
dc.titleOvergangen frå utdanning til arbeid - jobbsøk og tidleg utfall i arbeidsmarknadeneng
dc.title.alternativeThe transition from education to work - job search and early labor market outcomeeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2017-06-12T22:00:29Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.degreeMasteroppgåve
dc.description.localcodeECON391
dc.subject.nus734103eng
fs.subjectcodeECON391
fs.unitcode15-15-00


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel