Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandnes, Silje-Marie Kvernøy
dc.date.accessioned2017-09-04T08:05:47Z
dc.date.available2017-09-04T08:05:47Z
dc.date.issued2017-06-22
dc.date.submitted2017-06-21T22:00:15Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/16492
dc.description.abstractMasteroppgåve i nordisk litteratur Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen Mai 2017 Student: Silje-Marie Kvernøy Sandnes Rettleiar: Pål Bjørby Tittel: «Jeg har aldri drømt om hverken stokker eller paraplyer» Undertittel: Ei utforsking av kvinnelegheit, seksualitet og psykoanalyse i Edith Øberg sine romanar Innvielse og Den hvite poppelen Edith Øberg var ein forfattar tydeleg prega av si eiga samtid, mellomkrigstida, og forfattarskapet hennar er sterkt influert av dei mange samtidige debattane, særleg kring nye former for kvinnelegheit, kvinneleg seksualitet og psykoanalytiske teoriar. Denne masteroppgåva er ei karakteranalyse av hovudkarakterane i dei to siste romanane hennar, parromanane Innvielse frå 1940 og Den hvite poppelen frå 1945. Romanane handsamar det same romanuniverset, men fokuserer på kvar sin hovudperson – skomakardottera Tove i Innvielse og legedottera Anne-Marie i Den hvite poppelen. Eg har tatt utgangspunkt i nokre av dei mest sentrale punkta i dei samtidige debattane knytt til kvinna og kvinnelegheita for å sjå på kva måte Øberg har nytta desse i framskrivinga av dei to hovudpersonane. Begge romanane er delt i to delar med eitt nedslag i tidleg ungdomstid og eitt medan hovudpersonen er i midten av 30-åra. I Innvielse er desse to delane strukturert kronologisk, medan dei er plassert motsett i Den hvite poppelen. Eg argumenterer for at strukturen syner både viktige tematisk trekk ved den einskilde romanen og korleis Øberg har latt seg inspirere av dei psykoanalytiske teoriane på ulike måtar i dei to romanane. Innvielse er forma som ein utviklingsroman der lesaren får kjennskap til dei siste stadia av den psykoseksuelle utvikling til Tove. Utviklinga hennar er særleg prega av oppveksten i ein fattig, konfliktfylt familie og frykta for den mannlege, driftsstyrde seksualiteten. Lesinga mi syner så at Øberg nyttar seg av Wilhelm Reich sin teori om karakterpansring for å skildre korleis Tove trekker seg inn i seg sjølv, «blir til metall», for å verne seg mot omverda. Den hvite poppelen er forma som ein erindringsroman der fokuset i større grad ligg på Anne-Marie sine gløymte barndomsminne og fortrenginga av eigne seksuelle kjensler. Medan resepsjonen i stor grad les Anne-Marie som ei mannleggjort intellektuell yrkeskvinne som har stengt av det kvinnelege i seg, viser analysen min at Øberg òg opnar for moglegheita for å lese Anne-Marie som ei homoseksuell kvinne som har fortrengt begjæret sitt, og arbeidet hennar som gynekolog som eit teikn på sublimering. Analysen min viser at Øberg i stor grad er inspirert av dei samtidige psykoanalytiske teoriane i framskrivinga av desse to kvinnelege hovudkarakterane, men utan at karakterportretta blir skjematiske. På same tid argumenterer eg for at Øberg tidvis nyttar seg av det freudianske tankegodset på ein nærmast ironisk måte, særskilt i bruken av seksualsymbolikk frå draumelæra til Freud, noko som til dels kan ha villeia den tidlegare forskinga på desse romanane, særleg Den hvite poppelen.en_US
dc.description.abstractMA thesis in Nordic Literature Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies University of Bergen May 2017 Student: Silje-Marie Kvernøy Sandnes Tutor: Pål Bjørby Title: «Jeg har aldri drømt om hverken stokker eller paraplyer» Subtitle: An examination of womanhood, sexuality and psychoanalysis in Edith Øberg’s novels Innvielse and Den hvite poppelen Edith Øberg was an author clearly influenced by her age, the interwar period, and her authorship is strongly influenced by the many contemporary debates, especially concerning new forms of womanhood, female sexuality and psychoanalytical theories. This master thesis is a character analysis of the main characters in her two latest novels, Innvielse from 1940 and Den hvite poppelen from 1945. The novels deal with the same universe, but focus on two different main characters – the shoemaker’s daughter Tove in Innvielse, and the doctor’s daughter Anne-Marie in Den hvite poppelen. I have taken as my departure point some of the main points from the contemporary debates concerning women and femininity in order to explore how Øberg has used these in the writing of the two characters. Both novels are in two parts with one part taking place in early youth and the second in the characters’ mid-30s. In Innvielse these parts are structured chronologically, while they are interchanged in Den hvite poppelen. I argue that the structure both shows important thematic aspects of each novel, and how Øberg has been inspired by psychoanalytical theories in different ways in the two novels. Innvielse is shaped as a coming-of-age novel where the reader gains knowledge of the last stages in Tove’s psycho-sexual development. Her development is influenced in particular by her upbringing in a poor, conflicting family, and fear of the male, instinctual sexuality. My reading shows that Øberg applies Wilhelm Reich’s theory on character armour to describe how Tove withdraws into herself, “becomes metal [my translation]”, in order to protect herself against the outside world. Den hvite poppelen is written as a novel of remembrance which mainly focuses on Anne-Marie’s hidden childhood memories and suppression of her sexual sensations. While the contemporary reception to a large extent read the character Anne-Marie as a masculinized intellectual working woman who has locked away her feminine sides, my analysis shows that Øberg also opens for the possibility to read Anne-Marie as a homosexual woman who has repressed her desire, and that her work as a gynaecologist is a sign of sublimation. My analysis shows that Øberg to a large extent is inspired by contemporary psychoanalytical theories in the writing of these two female characters, without the portrayal becoming schematic. Simultaneously, I argue that Øberg occasionally employs the Freudian conceptions almost ironically, especially in utilizing sexual symbols from Freud’s dream theories, which might have misled the earlier research on these novels, especially Den hvite poppelen.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectTekstanalyse
dc.subjectKvinnelighet
dc.subjectMellomkrigstiden
dc.subjectPsykoanalyseeng
dc.subjectEdith Øbergeng
dc.title«Jeg har aldri drømt om hverken stokker eller paraplyer» – Ei utforsking av kvinnelegheit, seksualitet og psykoanalyse i Edith Øberg sine romanar Innvielse og Den hvite poppeleneng
dc.title.alternative«Jeg har aldri drømt om hverken stokker eller paraplyer» – An examination of womanhood, sexuality and psychoanalysis in Edith Øberg’s novels Innvielse and Den hvite poppeleneng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-06-21T22:00:15Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-00
bibo.doi


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel