Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandemose, Idunn Amalie
dc.date.accessioned2017-12-28T09:43:34Z
dc.date.available2017-12-28T09:43:34Z
dc.date.issued2017-12-19
dc.date.submitted2017-12-18T23:00:07Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17087
dc.description.abstractI 1830, då det engelske skipet HMS Beagle med kaptein Robert Fitzroy saumfarte kysten langs Tierra del Fuego (Eldlandet) på sørspissen av det amerikanske kontinentet, vart plutseleg ein kvalbåt stolen av nokre innfødde. I jakta på dei skuldige freista Fitzroy å kidnappe tilfeldige urinnbyggjarar og halde dei som guidande gissel i håp om å få kvalbåten tilbake. Han innsåg etter fleire dagars leiting at det var fånyttes, men bestemte seg likevel for å halde fram med å ha tre av dei innfødde om bord i skipet, for han hadde så smått starta å leike med tanken på å utføre eit sosialt eksperiment. Ein siste innfødd vart frakta om bord i skipet, denne gongen tilsynelatande friviljug og attpåtil mot betaling av ein perlemorsknapp til ein onkel som var med han. Denne guten, ein ungdom på omlag 15 år, kalla dei Jemmy Button, etter knappen han vart “kjøpt” for. Fitzroy bestemte seg for å ta dei fire innfødde med seg til England i eit par år for å lære dei blant anna kristendom og engelsk, med håp om å gjere framtidige møte mellom eldlendarar og engelske (og øvrige europeiske) skipsfolk betre og venlegare. Jemmy Button har sidan vorte omtala i fleire litterære verk og attpåtil vore hovudperson i mange, og i denne oppgåva skal eg sjå på korleis han i si tid vart framstilt i engelske media og i dagbøkene til Robert Fitzroy og naturalisten Charles Darwin (som var med på Beagle si returreise til Tierra del Fuego og vidare jorda rundt). Eg skal også sjå på framstillinga av han i nyare litterære verk; argentinske Sylvia Iparraguirre sin historiske roman La tierra del fuego (1998) og den illustrerte barneboka Jemmy Button: The Boy That Darwin Returned Home... (2013) av Jennifer Uman og Valerio Vidali.en_US
dc.language.isospaeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectLitterær analyse
dc.subjectHistorisk framstilling
dc.subjectIldlandet
dc.subjectUrfolk
dc.subjectEkspedisjoner
dc.subject1800-tallet
dc.titleLa historia de Jemmy Button: Encuentros transculturales en Fitzroy, Darwin e Iparraguirreeng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-12-18T23:00:07Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMastergradsoppåve i spansk språk og latinamerikastudium
dc.description.localcodeSPLA350
dc.subject.nus711128eng
fs.subjectcodeSPLA350
fs.unitcode11-20-00


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel