Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKlungland, Silje
dc.date.accessioned2017-12-28T10:03:31Z
dc.date.available2017-12-28T10:03:31Z
dc.date.issued2017-12-13
dc.date.submitted2017-12-12T23:00:09Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17091
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er skriven i fagområdet engelsk didaktikk. Den har hatt som mål å belyse engelsklærarar i den norske vidaregåande skulen sine syn på og erfaringar med bruken av skjønnlitteratur og multimodale tekstar i faget, i samanheng med det digitaliserte samfunnet me lev i. For å undersøke denne problemstillinga har det blitt samla inn både kvantitative og kvalitative data, i form av spørjeundersøking og intervju der lærarar i Hordaland og Rogaland har vore deltakarar. Den teoretiske bakgrunnen for oppgåva består av teori som blant anna definerer konsepta skjønnlitteratur og multimodale tekstar, grunngjer kvifor det er relevant å bruke desse type tekstane i engelskundervisninga og kva læringsmulegheiter dei tilbyr. Læreplanen av Kunnskapsløftet 2006 er ein sentral del av denne bakgrunnen. Det analyserte datamaterialet har blitt diskutert opp i mot den teoretiske bakgrunnen. Målet med analysen har ikkje vore å komme med noko fasit på om og korleis skjønnlitteratur og multimodale tekstar bør brukast i undervisninga, men å framstille lærarane sine meiningar knytt til dette. Skjønnlitteraturen kjem stadig i bakgrunnen for det digitale i unge sine liv. Eit av måla til denne oppgåva har difor vore å undersøke om lærarane meiner det er aspekt ein kan best lære og utvikle ved å lese skjønnlitteratur som gjer den verdt å halde på, eller om den kan erstattast med dei digitale multimodale tekstane som det kan sjå ut som at elevane heller føretrekk. Funna i studien indikerer at skjønnlitteratur framleis er høgt verdsatt av lærarane som deltok. Skjønnlitteratur blir assosiert med blant anna danning, dybdelæring, språklæring, og betre mulegheiter for refleksjon og konsentrasjon. Funna indikerer også at multimodale tekstar er mykje brukt, men dei vert sett meir på som eit verktøy for å variere undervisninga og nå ulike elevar sine læringsbehov, heller enn dei mange andre læringsmulegheitene slike komplekse tekstar tilbyr.en_US
dc.language.isoengeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectEnglish didacticseng
dc.subjectliteratureeng
dc.subjectmasters thesiseng
dc.subjectteacher perceptioneng
dc.subjectmultimodal textseng
dc.subjectdigital textseng
dc.subjectEFL teachingeng
dc.titleHow Norwegian EFL teachers perceive the roles of literature and multimodal texts in our digitalized society. A mixed methods study in English didacticseng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-12-12T23:00:09Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.humorddidaktikkno
dc.subject.humordVideregående opplæringno
dc.subject.humordDigital litteraturno
dc.subject.humordAndrespråkno
dc.subject.humordDigital kompetanseno
dc.subject.humordMultimodale teksterno
dc.subject.nus711124eng
dc.subject.keywordSecond language acqusitioneng
dc.subject.keywordMultimodal analysiseng
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-00


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel