Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHelleve, Ingrid
dc.date.accessioned2006-08-11T12:48:45Z
dc.date.available2006-08-11T12:48:45Z
dc.date.issued2001eng
dc.identifier.isbn82-8088-053-4 (electronic version)eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/1741
dc.description.abstractDenne studien omhandlar interaksjonen mellom elevar og mellom elevar og lærar i klasserom der datamaskina inngår som arbeidsreiskap i skriveprosessen. Korleis barna utviklar ulike læringsstrategiar er drøfta. Studien er utført i to klassar som deltek i prosjektet "Tekstskaping på datamaskin 1.-4.klasse" eit aksjonsforskingsprosjekt der 14 skular i Norge og Norden deltek. Datamaskin i byrjaropplæringa er nytt i Norge, og det er eit område det er gjort relativt lite forsking på. Datamaskina blir skulda for å vera eit einsamt område. I denne studien skal elevane vera produsentar av tekstar, og det skal alltid vera to elevar ved datamaskina. Problemstillinga lyder: Kva læringsstrategiar utviklar barn som arbeider med tekstskaping på datamaskin? Kva interaksjon blir skapt mellom elevar og mellom elev og lærar i arbeidet på datamaskina? Kva er dei viktigaste kontekstuelle vilkåra for denne interaksjonen? Studien er gjennomført innafor eit sosiokulturelt perspektiv på læring, der ein ser samhandling og samspel som viktig grunnlag for læringsprosessen, at språket er det viktigaste verktøyet og at læring er avhengig av konteksten. Det er nytta feltarbeid og deltakande observasjon som metode. To klassar og lærarane er observerte i nokre veker; ein 1.klasse og ein 2.klasse. I tillegg til klasseromsobservasjon, er det nytta lydband for å ta opp samtalane mellom elevane. Elevar og lærarar er dessutan intervjua. Analysekapitlet omhandlar andreklasse. Meininga var å laga ei samanstilling mellom dei to klassane på alle punkt men dette synte seg etterkvart å vera lite føremålstenleg, då dei to klassane var for ulike. 1.klasse er med i materialet i kap.6 og under drøftinga av leikeskriving som del av lese- skriveopplæringa. Når elevane set seg til datamaskina for å skriva saman, møter dei kvarandre i to kategoriar som er kalla samspel eller motspel. Er situasjonen prega av samspel viser elevane vilje og ynskje om å oppnå ei felles forståing. Er han prega av motspel er det motsette forteikn. Om samtala skal føra til individuelle løysingar eller samarbeids-strategiar er heilt avhengig av dette møtet. Datamaskina som medierande artefakt ser ut til å forsterke ein positiv eller negativ interaksjon. Om det blir motspel kan den tette verda ved maskina gje uønskte, negative erfaringar. Elevane valde mellom fire ulike læringsstrategiar; diskusjonssamtale, akkumulerande samtale, utforskande samtale og opplæringssamtale. Diskusjonssamtalen er underkate-gori av motspel. Dei andre samtaletypane samspel- og samarbeidsstrategiar. Eit stort fleirtal av elevane i 2. klasse valde ofte samarbeidsstrategiar når dei skulle skriva tekstskapingsoppgåver ved datamaskina. Sjølve grunngav dei det med at det gav støtte, dei hadde felles samarbeidsmål, det var meir effektivt, dei var meir kreative og det gav tryggleik å vera to. Læraren var bevisst på å bidra til ein klassekultur som skapte meining og samanheng i skrivedagen for elevane. I samlingsstunda la ho grunnlaget for det som skulle bli felles skriveaktivitet ved datamaskina seinare på dagen. Gjennom akkumulerande samtale samlar og akkumulerer elevane felles kunnskap. Denne samtaleforma førekom ofte når klassen hadde hatt verkstadarbeid og elevane har laga noko saman, der dei etterpå skreiv ei felles historie om kva dei har gjort og opplevt. Tekstskapingsoppgåva er kalla erfaringsfortelling. Den utforskande samtalen er prega av at deltakarane utviklar ny kunnskap saman. Dei utfordrar kvarandre, og dei stiller kritiske spørsmål. Denne samtaletypen vart observert når elevane skulle dikte vidare på ei historie som læraren hadde starta på. Oppgåvetypen er kalla fantasifortelling. Gjennom felles erfaring og felles mål, utviklar elevane felles kunnskap. Dei møtes i ei sosial delt verkelegheit som desse samtalane er. Dei byggjer stillas for kvarandre, og kjem fram til eit felles resultat med ein felles tekst. Eit poeng med datamaskina framfor blyant og papir i samspels-prosessen er at ho stiller elevane likt med omsyn til at skrifta blir lik for alle og dessutan gjev ho eit felles produkt. I stor grad skjer tekstskapinga ved datamaskinene i andreklasse utan at læraren er i nærleiken. Ho har gitt elevane oppgåver ho veit dei kan greie på eiga hand. I 1.klasse var arbeidet ved datamaskina i stor grad prega av motspel. Elevane valde ofte individuelle løysingar, og det var mykje kiving om å sleppa til. I dei fleste observerte situasjonane var oppgåva leikeskriving. Elevane kunne ikkje lese og skrive; dei skulle leike med bokstavane. Oppgåva hadde ikkje noko felles mål, og elevane var sett saman i faste par etter bokstavkunnskap for å kunna hjelpa kvarandre. Ei oppgåve med skriving av juleynske var eit unntak. Då hadde oppgåva eit felles mål, og para var sjølvvalde. Studien tyder på at elevpar ved leikeskriving i 1. klasse kan føra til at elevane utviklar motspel og individuelle læringsstrategiar. Hjelp frå vaksne i lese-skriveopplæringa ser ut til å vera viktig for at 1.klasse-elevane skal utvikle samarbeids-strategiar. Erfaringane læraren i 2.klasse gjorde året før, understøttar dette. Bruken av datamaskin i læringsmiljøet stiller nye krav til lærarrolla. Planlegging, val og tilrettelegging av meiningsfulle fellesoppgåver og samlingsarenaer blir truleg endå viktigare enn tidlegare. Ei viktig årsak er at når elevane arbeider ved datamaskina, er dei meir overlatne til seg sjølve enn i mange andre læringsaktivitetar.en_US
dc.format.extent1898715 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleSamspel med data? Ein studie av interaksjonen i tekstskapingsprosessar der datamaskina inngår som arbeidsreiskapnob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nob


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel