Show simple item record

dc.contributor.authorHagen, Ingrid E.
dc.date.accessioned2018-03-14T12:58:07Z
dc.date.available2018-03-14T12:58:07Z
dc.date.issued2018-02-09
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/17512
dc.identifier.urihttps://www.researchcatalogue.net/view/292431/292432
dc.description.abstract
Dette er refleksjonen i Ingrid E. Hagen sitt kunststipendiatarbeid. Med utgangspunkt i mitt personlege møte med Emanuel Bach (1714–'88) sin musikk og hans idear om musikalsk empati har eg utforska formidlinga til publikum, i all hovudsak på klavikord. Eg har arbeidd i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand – prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på og kjend på motstanden som oppstår i desse forsøka.

Eg har oppsøkt menneske utanom den konvensjonelle konsertsituasjonen, på jakt etter det nære møtet for empatisk samoppleving av musikken. Eg har framført Bachs musikk utandørs, på museum, for menneske som ikkje forventa å oppleve levande musikk. Og eg har undersøkt relasjonar mellom musikk og språk, både strukturelle, utrykksmessige og kontekstualiserande. Dette har eg gjort for å betre mi eiga forståing og kunstnarlege innleving i stoffet, og for å finne ut korleis ulike vis å kommunisere og utnytte desse i formidlingssituasjonen kan forme opplevinga på ulikt vis.

Gjennom arbeidet har eg vorte merksam på kor mykje ulike konsertformat eller andre presentasjonsformer påverkar kva publikum lyttar til i musikk, og slik kva dei får ut av den.

Eg har arbeidd inngåande med ein del av Bachs klavermusikk, og spelt inn CD’en für Kenner und Liebhaber med solo klavikordmusikk. Saman med avslutningskonserten i Stranges Stiftelse i Bergen i november 2016 utgjorde CD’en stipendiatarbeidets kunstnarlege resultat.

Min kunstnarlege metode har vore ein refleksiv prosess, der spørsmål blir undersøkt i forsøk, utforma i dialog med det faglege stoffet – det vere seg musikalsk, skriftleg eller kunstnarleg erfaring, i eit stadig forsøk på å kome nærmare. Denne ikkje-lineære arbeidsforma organiserte eg som «spor», og kunne slik arbeide med parallelt fleire problemstillingar som grip inn i kvarandre undervegs.
eng
dc.language.isonnoeng
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleFornuft og kjensle – å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bacheng
dc.typeArtistic researcheng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.eng
bora.peerreviewedNot peer reviewedeng
noa.nsiVDP::Humaniora: 000::Musikkvitenskap: 110eng

Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record