Show simple item record

dc.contributor.authorHunnes, Olav Bøe
dc.date.accessioned2018-05-15T11:52:19Z
dc.date.available2018-05-15T11:52:19Z
dc.date.issued2018-04-17
dc.date.submitted2018-04-17T06:33:38Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/17711
dc.description.abstractUnge i Noreg blir blant fleire skildra som å inngå i ein alkoholkultur der det å drikke mykje alkohol ved kvart drikkehøve står sentralt. Fadderveka har blitt tolka som ei stadfesting av denne alkoholkulturen, ved at fokuset i veka ligg på å drikke mest mogleg alkohol. Tidlegare forsking på fadderveka har vist at veka i stor grad dreiar seg rundt alkoholkonsum. Likevel har fokuset blant studentane vore på å ha kontroll på seg sjølv og sitt eige alkoholinntak. Tradisjonell fylleåtferd som utagering og seksuell tilnærming blir sett på som oppførsel som avviker frå norma i fadderveka. I denne oppgåva er det eit ynskje å bygge vidare på denne kunnskapen ved å undersøke korleis studentane ved Universitetet i Bergen opplever alkoholfokuset i fadderveka, og deira oppleving av fadderveka som arrangement. Analysen baserer seg på tre underspørsmål: (i) Korleis kan alkohol vere med å legge til rette for fellesskap i fadderveka ved Universitetet i Bergen? (ii) Kva skildringar gjev studentane av alkoholen si tyding i fadderveka ved Universitetet i Bergen? (iii) Kva sosiale normer synes å vere sentrale i fadderveka ved Universitetet i Bergen – og korleis opplevast dei av studentane? Med utgangspunkt i dette vil det avslutningsvis bli drøfta eit overordna spørsmål i høve studentane si oppleving av fadderveka: Kva forhold har studentane til alkohol i fadderveka ved Universitetet i Bergen? Datamaterialet består av 10 semistrukturerte djupneintervju med studentar frå ulike fakultet, som deltok i fadderveka ved Universitetet i Bergen, hausten 2017. I analyseprosessen har ei grounded theory-tilnærming vore ei stor inspirasjonskjelde, ved at respondentane sin kunnskap og innsikt i stor grad har forma valet av teoretisk rammeverk. Målet har vore å forstå fadderveka som struktur, gjennom respondentane sine auge. Respondentane skildrar korleis det å delta i fadderveka er eit innviingsritual til livet som student. Alkoholen er såleis viktig for å kunne sleppe seg laus å bli kjend med nye menneske i veka. Dei som ikkje deltek på festane opplever å vere utanfor fellesskapet. Festane i veka blir såleis ein viktig arena for å bli kjend. Det gjeld samstundes tydelege sosiale normer for oppførsel i fadderveka, som studentane må halde seg til. Konklusjonen blir at alkoholen er viktig for studentane, fordi den gjer det lettare å bli kjend med nye og ha det kjekt. Fokuset ligg ikkje på å drikke seg mest mogleg full, men å ha det kjekt saman. Studentane opplever likevel at fokuset på alkohol er litt for sterkt, og at det er slitsamt å drikke alkohol så mange dagar på rad. Alkoholen og fokuset på festane ekskluderer også dei som ikkje drikk. Fleire av studentane framhevar difor at det hadde vore betre å ha ei jamnare fordeling mellom alkoholarrangement og alkoholfrie arrangement. Det er likevel viktig å legge til rette for at flest mogleg då møter på dei alkoholfrie arrangementa.eng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectintroduksjoneng
dc.subjectfellesskapeng
dc.subjectalkoholeng
dc.subjectovergangsritualeng
dc.subjectfesteng
dc.subjectfaddervekeeng
dc.subjectkvalitativ metodeeng
dc.subjectintervjueng
dc.title«Du skapar ubehaget sjølv» - Tankar rundt alkoholen si tyding i fadderveka ved Universitetet i Bergeneng
dc.title.alternative"You create the discomfort yourself" - Thoughts around the importance of alcohol in the student introductory week at the University of Bergeneng
dc.typeMaster thesiseng
dc.type.degreeMasteroppgåvaeng
dc.type.courseSOS360eng
dc.subject.archivecodeMastergradeng
dc.subject.nus732106eng
dc.date.updated2018-04-17T06:33:38Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reservedeng
bora.peerreviewedNot peer reviewedeng
fs.gradepass
fs.unitcode15-11-00


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record