Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjertaker, Kristin
dc.date.accessioned2018-07-04T06:42:20Z
dc.date.available2018-07-04T06:42:20Z
dc.date.issued1993
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17861
dc.description.abstractDenne hovudfagsavhandlinga er skriven av Kristin Hjertaker, student ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, 1993. Tittelen er "Et lys i Guds natt": ein studie av metaforar med døme frå Bjørn Eidsvågs tekstar. Avhandlinga er definert som språkleg, men ligg i grenselandet mellom språk og litteratur, om ein reknar desse sidene ved norskstudiet som to klart skilde kategoriar. Ho presenterer nokre teoriar om kva metaforar er, og korleis dei verkar i tekstar, og analyserer tekstar av Bjørn Eidsvåg ut fra desse. Dei viktigaste teori-kjeldene har vore Cooper 1986, Cohen 1979, Ricoeur 1986, Ingendahl 1973, Øyslebø 1978 og Williamson 1988. Med utgangspunkt i interaksjonsteorien og teoriar om paradigme- og syntagmerelasjonar (kap. 1-3) har forfattaren av avhandlinga så analysert eit tekstmateriale; modeme vise/pop/rocktekstar av Bjørn Eidsvåg. Analysen er todelt: I den forste delen (kap. 5) vert kvar enkelt tekst grense for metaforanalysen, medan det me har definert som ein "stor-tekst" eller ein syklus (her: plata Dansere i natten) vert grensa for analysen av metaforar i den andre delen (kap. 6). Avhandlinga kjem ikkje med eintydige svar eller konklusjonar, men viser at delar av metaforteoriane kan vera fruktbare når det gjeld å forklara korleis ei tyding eller ein referanse vert etablert, td. i løpet av dei 10 enkelttekstane plata Dansere i natten består av. Metaforar finst ikkje isolert, og har inga tyding i seg sjølv. Men i ein kontekst, som aktiverer tydingselement av eit ord/uttrykk som koplar dette uttrykket og det semantiske feltet (tydingsområdet) det høyrer til, saman med eit anna semantisk felt, kan ei "metaforisk tyding" oppstå. Om me oppfattar eit metaforisk uttrykk som originalt og verknadsfullt, eller som ein klisje, er avhengig av konteksten - og ikkje av kor mange gonger me har høyrt uttrykket. Eit uttrykk kan altså ikkje vera metaforisk i seg sjølv, det er bruken av det som eventuelt må vera metaforisk.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.title"Et lys i Guds natt". Ein studie av metaforar med døme frå Bjørn Eidsvågs tekstar.eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel