Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorWestermoen, Torstein Taranger
dc.date.accessioned2018-08-27T16:11:26Z
dc.date.available2018-08-27T16:11:26Z
dc.date.issued2018-06-20
dc.date.submitted2018-06-19T22:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/18263
dc.description.abstractDigitale hjelpemiddel har for lengst fått sin plass i matematikkundervisninga i norsk skule. I den vidaregåande skulen har dataprogram med grafteiknar også langt på veg erstatta kalkulatorar, som digitalt hjelpemiddel i arbeid med funksjonar. Frå og med våren 2015 vart det og eit krav, å nytte grafteiknar til å svare på einskilde oppgåver på eksamen. I den samanheng vart det interessant å sjå nærmare på korleis elevane arbeider med funksjonar med grafteiknar (i denne oppgåva Geogebra) samanlikna med det å bruke tradisjonelle metodar (papir, blyant og eventuelt kalkulator). Målet for denne oppgåva byggjer på denne problemstillinga: Elevane si tilnærming til representasjonsskifte i arbeid med funksjonar, med og utan bruk av Geogebra, i matematikk på første trinn på vidaregåande skule. Problemstillinga gav også følgjande forskingsspørsmål: Kva utfordringar har elevane i 1P og 1T når dei løyser oppgåver i funksjonar i dei to kontekstane, med og utan Geogebra? For å svare på dette har eg undersøkt korleis elevane arbeider med representasjonsskifte i funksjonar og om det er noko skilnad på korleis dei lukkast i dei to kontekstane. Det er åttiseks elevar frå 1P og 1T som har vore med i undersøkinga. Først gjennomførte eg ein skriftleg prøve i to delar. Den fyrste delen inneheld oppgåver som skulle løysast utan bruk av Geogebra, medan del to består av oppgåver som skulle løysast med bruk av Geogebra. Alle elevane svara på prøven, og i etterkant intervjua eg tre av desse, blant anna på bakgrunn av interessante svar frå den skriftlege prøven. Resultatet frå prøven og intervjua vart koda og analysert for å best mogleg svare på problemstillinga og forskingsspørsmål(et). Undersøkinga viser at det var signifikante forskjellar på kva elevane fekk til av oppgåver, ved å samanlikne svara deira i dei to kontekstane, med og utan bruk av Geogebra. Både elevane i 1P og i 1T hadde betraktelig lågare score på den delen som var med Geogebra. Dette heng nok saman med eit anna funn, nemleg alle dei «manglande svara», særleg i den sistnemnte konteksten. I undersøkinga kjem det fram at mange elevar har vanskar med å gå i frå ein representasjon i funksjonar til ein annan. Enkelte elevar teiknar grafen til ein lineærfunksjon som eit punkt, andre blandar stigningstal og konstantledd. Vi ser også teikn til at ein del elevar vegrar seg mot å lese av x- eller y-verdiar frå ein graf, men vil heller rekne desse ut ved hjelp av likninga til grafen. Nokre av desse vanskane kjem berre fram i dei oppgåvene der ein ikkje skulle bruke Geogebra, medan andre dukkar opp også her. Interessant er det å sjå at enkelte «drar med seg» løysingsstrategiar (algoritmar) frå den eine konteksten og over i den andre, med blanda hell. Andre utfordringar med Geogebra går på tekniske innstillingar, slik som avrunding av desimalar og skalering av aksar.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectGeogebraeng
dc.subjectfunksjonareng
dc.subjectrepresentasjonsskifteeng
dc.titleGeogebra og funksjonar. Elevane si tilnærming til representasjonsskifte i arbeid med funksjonar, med og utan bruk av Geogebra, i matematikk på vidaregåande skule.en_US
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-06-19T22:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i matematikkdidatikken_US
dc.description.localcodeVID-MAUMAT
dc.description.localcodeMAT650
dc.subject.nus753199eng
fs.subjectcodeMAT650
fs.unitcode12-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel