Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTofte, Amalie Hilde
dc.date.accessioned2019-01-21T11:13:14Z
dc.date.available2019-01-21T11:13:14Z
dc.date.issued2018
dc.date.submitted2019-01-11T23:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/18935
dc.description.abstractFor ti år sidan kom næringslivets samfunnsansvar på den politiske dagsorden med St.meld. nr.10 (2008-2009). For å forstå kva som vert forventa av dei norske selskapa, må me vita kva styresmaktene legg i omgrepet næringslivets samfunnsansvar. Korleis definerer dei omgrepet, kva aspekt ved samfunnsansvar legg dei vekt på og korleis har tilnærmingane endra seg? Kva teoriar byggjer tilnærmingane på? Og kva er tilnærmingane i posisjon og opposisjon til? Eg har avgrensa analysen til norske selskap sitt ansvar når dei opererer i utlandet og fokuserer i hovudsak på ansvaret for arbeidstakarar og arbeidstakarrettar. Crane, Matten og Spence (2014) har identifisert seks kjernar i næringslivets samfunnsansvar. Med utgangspunkt i desse kjernane har eg kategorisert og analysert sju stortingsmeldingar og ein handlingsplan, og identifisert definisjonar og berande element. Eg har så analysert korleis tilnærmingane passar med teoriar om eksplisitt og implisitt samfunnsansvar (Matten og Moon 2008), samfunnsansvarspyramiden (Carroll 1991), dei fire hovudkategoriane (Garriga og Melé 2004) og tre-domene-modellen (Schwarts og Carroll 2003). Mange ulike aktørar deltek i diskusjonen om kva næringslivets samfunnsansvar er og bør vera, og eg har difor drøfta kva tilnærmingane er i posisjon og i opposisjon til. Styresmaktene sine definisjonane av næringsliverts samfunnsansvar ligg tett opp til dei internasjonale rammeverka. Tilnærmingane er strategiske og samfunnsansvaret er frivillig. Frå år 2015 har styresmaktene fokusert mindre på arbeidstakarar og arbeidstakarrettar enn tidlegare. Endringane er tydlege i den nasjonale handlingsplanen for oppfølging av FNs rettleiande prinsipp, stortingsmeldinga om FNs berekraftsmål (Meld. St. 24 (2016-2017)) og berekraftsdiskursen som kom i kjølvatnet av dei. Dei instumentelle perspektiva i tilnærmingane er tydlege, og sjølvregulering gjennom rapportering og omdømebygging står sentralt. Tilnærmingane vert kritisert av aktørar som ønskjer ei etisk tilnærming til samfunnsansvar, med “hardeˮ lover, bindande standardar og ikkje-rettslege klageordningar og remedy. Det var overraskande for meg at tilnærmingane i så stor grad byggjer på dei internasjonale rammeverka og omdømehandtering, sidan dette står i sterk kontrast til reguleringa av næringslivet og arbeidsmarknaden i Norge. Styresmaktene si snevre tolking av menneskerettane i UNGP var uventa, og det var overraskande at styresmaktene i liten grad kopla FNs berekraftsmål til næringslivets samfunnsansvar og dei internasjonale samfunnsansvarsrammeverka. Det er interessant at styresmaktene frå 2015 nyttar omgrepet “berekraftig næringslivˮ der det tidlegare var naturleg å nytte “samfunnsansvarleg næringslivˮ.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectUNGPeng
dc.subjectOECD-retningslinjereng
dc.subjectFNs berekraftsmåleng
dc.subjectglobale rammeavtalareng
dc.subjectnæringslivets samfunnsansvareng
dc.titleFrå samfunnsansvarleg til berekraftig næringsliv? Styresmaktene sine tilnærmingar til næringslivets samfunnsansvar i eit 10-årsperspektiveng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2019-01-11T23:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.degreeMasteroppgave i demokratibygging
dc.description.localcodeSAMPOL650
dc.subject.nus731112eng
fs.subjectcodeSAMPOL650
fs.unitcode15-13-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel