Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFloen, Kine Renate
dc.date.accessioned2019-01-23T16:01:41Z
dc.date.available2019-01-23T16:01:41Z
dc.date.issued2018
dc.date.submitted2019-01-21T23:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/18975
dc.description.abstractI denne studien har løysingsstrategiar for å omsetje mellom ulike representasjonar av lineære funksjonar vore i fokus. Følgande forskingsspørsmål har vore grunnlag for arbeidet: 1. Kva løysingsstrategiar brukar elevar i matematikkfaget 1P når dei skal omsetje mellom ulike representasjonar av lineære funksjonar. 2. Kva kjenneteiknar ulike strategiar på ulike nivå? Det har i denne studien blitt gjennomført eit semistrukturert intervju med ni elevar. Bakgrunn for utvalet er gjort ut i frå ein diagnostisk test som undersøkjer kva strategiar elevar bruker for å omsetje mellom ulike representasjonar av lineære funksjonar. Under arbeidet med analysen blei det funnet ei rekke strategiar der kjenneteikn på desse strategiane er brukt for å utvikle tre nivå. Nivå A (imitativ) finn ein kjenneteikn som bruk av omvegar, prøve- og feilemetode og imitative tilnærmingar. For nivå B (hybrid) er også eit kjenneteikn bruk av omvegar, men med færre steg enn på nivå A. Andre kjenneteikn vil vere mønstersniffing og ei hybrid tilnærming. For nivå C (kreativ) finn ein kjenneteikn som å omsetje direkte, tolke og kreative tilnærmingar. Studien viser at på nivå A vil ein finne strategiar som tar i bruk ei imitativ tilnærming der ein leiter etter kjente prosedyrar og formlar. Dette kjem fram ved bruk av omvegar der ein . Ved mangel på kjente prosedyrar vil strategiar på nivå A ta i bruk ein prøve- og feilemetode der ein gjerne bruker aritmetikk og ikkje algebra for å finne svaret. Strategiar på nivå B vil ta i bruk ei hybrid tilnærming med kjenneteikn som både imitativ, men også kreativ tilnærming. Imitative tilnærmingar kjem fram ved bruk av omvegar, men med færre steg enn nivå A. Samtidig vil strategiane vere meir kreative ved at ein brukar strategiar der ein leiter etter mønster for å løyse ei oppgåve. Strategiar på nivå C vil bruke ei kreativ tilnærming ved å bruke lærte prosedyrar til å vurdere, noko som saman med å tolke kan gjere strategiane meir effektive. Ei slik kreativitet gjer at elevar kan omsetje direkte. Kjennskap til ulike strategiar vil vere nyttig for lærarar å bruke i undervisninga. Ved å ha eit slikt verktøy kan ein lettare kjenne igjen dei ulike kjenneteikn for strategiar på ulike nivå og dermed hjelpe elevar til å utvikle sine strategiar.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleÅ omsetje mellom mellom ulike representasjonar av funksjonar. Ei kvalitativ undersøking av elevar sine løysingsstrategiar i matematikkfaget 1P.en_US
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-01-21T23:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i matematikkdidatikken_US
dc.description.localcodeVID-MAUMAT
dc.description.localcodeMAT650
dc.subject.nus753199eng
fs.subjectcodeMAT650
fs.unitcode12-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel