Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæbø, Mari
dc.date.accessioned2019-03-06T16:14:19Z
dc.date.available2019-03-06T16:14:19Z
dc.date.issued2019-03-05
dc.date.submitted2019-03-04T23:00:04Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/19181
dc.description.abstractTafjord er ei lita bygd inst i Tafjorden på Sunnmøre, som ligg i eit område med høg skredaktivitet og skredfare. Tre fjellparti i nærleiken av Tafjord vert i dag overvaka dagleg grunna fare for katastrofale fjellskred, og i 1934 vart Tafjord råka av ei massiv flodbølgje forårsaka av eit fjellskred i Tafjorden. Auka kunnskap om skred, og prosessar knyta til skred, er avgjerande for å førebyggje og sikre mot skredkatastrofar. I Tafjord gjekk det eit gigantisk post-glasialt fjellskred, Kallskarskredet, som forårsaka ein demming av eit vatn som seinare brast. Føremålet med dette prosjektet har vore å gjere greie for korleis Kallskarskredet, og bresten av demningen, har påverka geomorfologien til Tafjord. For å belyse dette vart det formulert tre problemstillingar: Når skjedde Kallskarskredet og uttappinga? Kva var mekanismane bak? Og kva andre skredprosessar er, og har vore, aktive i Tafjord? For å undersøke dette vart det utført kvartærgeologisk kartlegging av området, og det vart gjort georadar-undersøkingar i samsvar med tidlegare undersøkingar frå området. Tidlegare arbeid frå Tafjord og nærliggjande områder er og blitt studert og diskutert. På bakgrunn av dei nemnde metodane og tidlegare arbeid har følgande utviklingshistorie for området blitt presentert; Tafjord vart isfritt etter yngre dryas, og kort tid etter deglasiasjonen gjekk Kallskarskredet. Skredet demma opp Onilsavatnet, og var ein stabil demning i fleire tusen år. Vatn frå Onilsavatnet rann over et passpunkt i Byteskaret, gjennom Jimdalen og ut over dagens bygd. Fluviale prosessar danna Årjuvterrassen, og flaten tilsvarar havnivået for 6500 år sidan. Demningen brast og Onilsavatnet vart tappa over Årjuvterrassen, der ei stor flaumvifte vart avsett. Det er ikkje registrert signal frå uttappinga i ei sedimentkjerne frå Tafjorden som spenner 5000 år tilbake i tid. Uttappinga må derfor ha skjedd mellom 6500 år og 5000 år sidan. Etter uttappinga har materiala i dalfyllingen i Tafjord blitt modifisert av gjentekne flodbølgjer og skred frå dalsidene. Dei dominerande skredprosessane for Tafjord er steinsprang og snøskred, særlig sørpeskred utløyst under vårsmeltinga.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleKallskarskredet og påfølgjande tapping av Onilsavatnet – Tafjord, Møre og Romsdalen_US
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-03-04T23:00:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskapen_US
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.description.localcodeGEOV399
dc.subject.nus756199eng
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel