Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøviskeland, Margrethe Opdal
dc.date.accessioned2019-06-21T00:31:34Z
dc.date.available2019-06-21T00:31:34Z
dc.date.issued2019-06-21
dc.date.submitted2019-06-20T22:00:10Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20303
dc.description.abstractDei siste tiåra har Norge opplevd auka innvandring. Dette har ført med seg meir språkleg, etnisk og kulturelt mangfald på fleire skular (Krulatz & Torgersen, 2017, s. 212). I dag er det lågare sannsyn for at gutar som har innvandra fullfører vidaregåande (SSB, 2017). Det er difor viktig med fleire erfaringar og narrativ som kan gje betre kunnskap om førebygging, og om korleis skulen kan møte elevar med dårlegare utgangspunkt, ut frå sosial bakgrunn og språk. Dette kan såleis vere med på å skape ein betre pedagogisk praksis i skulen. I denne masteravhandlinga ser eg på kva forteljingar gutar som har innvandra har om sine erfaringar frå vidaregåande skule. Ut frå denne problemstillinga, har eg tatt føre meg teori som handlar om sosial ulikheit, tospråklegheit og elevens skule- og læringsmiljø. Den generelle innramminga av prosjektet er narrativ teori. Dei ulike teoriane eg har brukt, har eg knytt opp mot funna frå mine fem informantar, nemleg deira erfaringar og forteljingar frå vidaregåande, men også erfaringar og forteljingar frå tida før dette. Eg har gjennomført datainnsamlinga på ein systematisk måte, ved å ta i bruk kvalitativ metode, eller meir presist, narrativt intervju. Ved å ta i bruk narrativt intervju har eg stilt fleire opne spørsmål som har gjeve meg rike og interessante utsegn om informantane sine erfaringar og forteljingar frå den norske skulen. Eg har i denne masteroppgåva intervjua både gutar som har fullført og gutar som ikkje har fullført vidaregåande. Ingen av informantane mine er født i Norge og har hatt ulik butid i landet. Ved å ha intervjua både dei som har fullført og dei som ikkje har fullført har eg oppdaga ulike mønster og erfaringar mellom dei to gruppene. Relevant litteratur og forsking som eg har brukt i oppgåva, samsvarar godt med mine funn. Eit mønster som går igjen i narrativa til informantane mine, viser at oppvekstmiljø kan ha noko å seia for prestasjonar i skulen. Det kan ha betydning om foreldre ser på utdanning som viktig eller mindre viktig. Kor godt den enkelte elev lærer det norske språket, vil også ha samanheng med kor godt eleven klarer å følgje med i undervisning og klarer seg i vidaregåande. Tidlegare skuleerfaring frå grunnskulen kan også ha samanheng med korleis den enkelte gjer det i vidaregåande. Dette viser seg mellom anna i skulefråvær, karakterar og engasjement.en_US
dc.description.abstractIn the last decade, Norway has experienced increased immigration. This has led to an increase in linguistic, ethnic and cultural diversity in several schools across the country (Krulatz & Torgersen, 2017, s. 212). Today, the chances of male, first generation immigrants completing high school are lower compared to their ethnic Norwegian counter-part (SSB, 2017). For this reason it is important to have more knowledge about experiences and narratives of the former group, as this can guide society in preventing these individuals from starting their education with a disadvantage due to their social background and language skills. This may contribute to creating a better pedagogical practice in the school-system. In this master thesis I will be using theory on social inequality, bilingualism and students' school and learning environment to investigate the high school experiences of first generation immigrants in Norway. The framing of the project is narrative theory. The different types of theories that I will be using in the project tie in with the stories of five different interviewees, who share their experiences from high school and the time before this. The data collection has been done in a systematic way by using qualitative method, more precisely narrative interview. By using narrative interview, I have been able to ask several open-ended questions that have given me valuable insight into the Norwegian school-system. The interviewees are boys who completed as well as did not complete high school. None of the individuals were born in Norway but have lived in the country for different periods of time. By interviewing both those who have completed and those who have not completed High School, I have discovered different patterns. Several of my findings corresponds well with the theories I will present in this masters-thesis. Patterns across the narratives of my informants show that a boy's childhood may influence his achievements in school. More specifically, whether or not his parents value education may play an integral role in the boy's performance in high school. Furthermore, the boy's dominance of the Norwegian language is important for his understanding of lectures. Across criterion such as level of commitment, grades and absences, their narratives also indicate that achievements in elementary school are related to later achievements in High School.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.subjectVideregående skole
dc.subjectSkole- og læringsmiljø
dc.subjectFullført
dc.subjectInnvandrere
dc.subjectIkke fullført
dc.subjectSosial ulikhet
dc.subjectGutter
dc.titleKva forteljingar har gutar som har innvandra om sine erfaringar frå vidaregåande skule
dc.title.alternativeWhat are the experiences of first generation male immigrants in the Norwegian High School system
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-20T22:00:10Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i pedagogikk
dc.description.localcodePED395
dc.description.localcodeMAPS-PED
dc.subject.nus724112
fs.subjectcodePED395
fs.unitcode17-42-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel