Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStøfring, Eli Anne
dc.date.accessioned2019-12-20T03:15:27Z
dc.date.available2019-12-20T03:15:27Z
dc.date.issued2019-12-20
dc.date.submitted2019-12-19T23:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/21235
dc.description.abstractMålet med oppgåva er å rekonstruere isavsmeltingshistoria på Værlandet, og isdynamikken nord for Sognefjorden ut frå isskuringsobservasjonar. Det er gjort 10Be-eksponeringsdatering frå ni flyttblokker på Værlandet. I tillegg er skuringsobservasjonar gjort i samband med denne oppgåva er stilt saman med eksisterande skuringsobservasjonar frå Sognefjordsområdet i ein database som tel 1025 skuringsmerker i fast fjell. 10Be-dateringarne frå Værlandet gav ein gjennsomsnittsalder på 14 636 +- 677 år med den skandinaviske produksjonsrata (Stroeven et al., 2015) og 14 087 +- 613 år med den vestnorske rata (Goehring et al., 2012a, b). Dateringane tyder på at Værlandet vart isfritt seinast i interstadialen bølling (14,7–14,0 ka). Til samanlikning kjem Natterøy (2013) , fram til ein noko høgare alder for deglasiasjonen av øya basert på 14C-dateringar frå innsjøbassenget Fadersvatnet nord på øya. I ein kjerne frå Myrevågtjernet, sør på øya, finn Natterøy skjell i eit diamikton tolka som ei mogleg botnmorene frå eit breframstøyt. Dateringar frå diamikton-laget kan tyde på at innlandsisen har dekka søraustlege delar av øya i ein tidleg fase av yngre dryas perioden. Brefronten vil i følgje Natterøy då ha trekt seg attende ved omlag 12,1 ka, samstundes som Veddeoske vart avsett i bassenget. Natterøy si hypotese er testa i denne oppgåva ved hjelp av 10Be-eksponeringsdateringar av flyttblokker som ligg innanfor området av øya der Natterøy postulerer eit mogleg framstøyt. 10Be-dateringane tyder på at dette området vart isfritt i perioden bølling, og frå desse er det eit yngre dryas breframstøyt over øya lite truleg. Det er ikkje funne moreneryggar eller andre spor som tyder på at delar av øya var ramma av eit breframstøyt i yngre dryas. Funn frå LiDAR-kartlegging av området i denne oppgåva tyder på at ismarginen i yngre dryas har lege ved munningen av Sognefjorden. Kartlegginga konfirmerer i store trekk tidlegare arbeid (Aarseth & Mangerud, 1974), men frå munningen av Åfjorden og austover inn Dalsfjorden er ismarginen modifisert basert på nye funn. Observasjonane i skuringsdatabasen har eg nytta for å få eit betre innblikk i isdynamikken i Sognefjordsområdet. I området ved Værlandet, utanfor yngre dryas-ismarginen finn eg at den eldste skuringa dreiar NV-V, og koplar dette til nedbrytinga av isstraumen i Norskerenna. Innanfor ismarginen, i indre Sunnfjord, er rørsla til den eldste skuringa topografisk uavhengig mot NNV. Dette rørslemønsteret stemmer med posisjonen av yngre dryas-ismarginen, men det er og funn som talar for at rørslemønsteret er eldre. Ved munninga av Sognefjorden er den eldste rørsla mot V, og eg koplar den til yngre dryas maksimum. Kryssande skuring langs fjorden tolkar eg til at isen har kalva raskare attende i fjorden slik at isdekket på land i ein periode har drenert vinkelrett på fjorden.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleIsavsmeltingshistoria ved munningen av Sognefjorden
dc.title.alternativeThe deglaciation history of Sogn og Fjordane. A study based on exposuredating of erratics from Værlandet and glacial striations.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-12-19T23:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskapen_US
dc.description.localcodeGEOV399
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.subject.nus756199
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel