Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøgi, Trond Schøyen
dc.date.accessioned2020-05-29T04:16:38Z
dc.date.available2020-05-29T04:16:38Z
dc.date.issued2020-05-29
dc.date.submitted2020-05-28T22:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/22410
dc.description.abstractSkildringa av funksjonshemjing i litteraturen er ein verdifull målestokk for dei samfunnsverdiane som eit samfunn forventar både av kropp og sinn. Science Fiction inviterer særskild ei lesing med fokus på funksjonshemjing sidan genren både skildrar forventningane frå den kulturelle samtida, og kva funksjonar ein kultur bør eller ikkje bør forvente frå innbyggjarane sine i framtida. Daniel Keyes sin roman Flowers for Algernon (1966) skildrar Charlie Gordon, som går frå kognitivt funksjonshemma til geni og tilbake. Det er ein Hugo-pris-vinnande klassikar som er «ein av dei vidast lesne som tek for seg dei mentalt funksjonshemma» og er hylla som ein humanistisk tekst. Aldous Huxley sin banebrytande Fagre Nye Verda (Brave New World) (1932) skildrar ei dystopisk framtid med prøverøyrsfødsel og funksjon-segregering som er tilsynelatande mindre humanistisk. Den er ein vidt brukt allegori i bio-etiske diskursar, for eksempel med omsyn til testing av fostervatn. Begge romanane brukar funksjonshemjing til å konstruera dei sosiale hierarkia sine og framkalle patos i forteljinga og karakterane. Desse hierarkia avslører ein evaluering av dei intellektuelt funksjonshemma, der dei har mindre nytteverdi enn dei som er fysisk funksjonshemma. Denne oppgåva nyttar den teoretiske korpusen kring funksjonshemjing i samanlikninga av desse to romanane og analyserer korleis tekstane konstruerer funksjonshemjing og fordelar nytteverdi til dei funksjonshemma karakterane. Der Flowers for Algernon presenterer teknologi som kur for funksjonshemjing, med konsekvens at ein identifiserer funksjonshemjing som verdiløyse, har Fagre Nye Verda fordelt nytteverdi til alle borgarar, uavhengig av nivået til evnene deira. Ved å setje romanane i dialog med kvarandre syner eg nødvendigheita i å skildre dei funksjonshemma som elementære medlemmar av framtidige samfunn for å fostre god diskurs.en_US
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectIdentity
dc.subjectAbility
dc.subjectHuxley
dc.subjectDisability
dc.subjectKeyes
dc.subjectMobility
dc.titleAbility qua Mobility: Disability as Identity and Hierarchy in Brave New World and Flowers for Algernon
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-05-28T22:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel