Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBukholm, Lene Engevik
dc.date.accessioned2020-06-29T07:28:13Z
dc.date.issued2020-06-27
dc.date.submitted2020-06-26T22:00:53Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/23084
dc.description.abstractEi grotte kan definerast som eit naturleg holrom stort nok til at eit menneske kan kome seg inn (Ford og Williams, 2007). Om ei grotte er danna i oppløyseleg kalkstein eller marmor, omtalast holrommet som ei karstgrotte. For at ei karstgrotte skal kunne utformast, er ei av dei naudsynte faktorane eit samanhengande sprekkesystem. Grottepassasjar utviklast frå pre-eksisterende sprekkar, som kan knyttast opp mot det relevante området si tektoniske historie. Det strukturgeologiske aspektet rundt grottedanning står dermed svært sentralt for å kunne forstå utviklinga. Denne masteroppgåva utgjer ei av totalt fem masteroppgåver (Jenssen, 2020; Krossøy, 2020; Remmen, 2020; Torstad, 2020), som inngår i forskingsarbeidet tilknytta Elgfjellprosjektet, SA i Lomsdal-Visten nasjonalpark. Gråryggen omfattar eit området på A sida av Elgfjellet, beståande av eit marmorbelte av særs homogen og rein kalkspatmarmor. Denne oppgåva har som føremål å gjennom kartlegging og strukturelle målingar, gjennomført både på overflata og undergrunnen tilhøyrande Gråryggen, kunne belyse innverknaden den lokale og regionale strukturgeologien har hatt for utviklinga av dei aktuelle grottene. Revidert kartlegging har resultert i ei total passasjelengd på 1,2 km, fordelt på fire grottesystem lokalisert på Gråryggen. Grottene strekk seg i NA – SV til NV – SA retning, der dei i hovudsak er utvikla i skjeringslinjen mellom foliasjon og avlastingssprekker. Passasjemorfologi er styrt av hydrauliske årsaker, med berre få, lokale modifikasjonar. Det er føreslått at grottearkitektur er påverka av ei open synklinal fald, der ei tidlegare samankopling mellom to system er sannsynleg. Det er også identifisert sterk stratigrafisk kontroll på grottene si plassering, der både løyslegheit, sprekketettleik og den litologiske kontakten spelar inn. Det antas at løyslegheit utgjer den dominerande kontrollerande faktoren. Det er ikkje funne bevis for neotektonisk rørsle for feltområdet, der framlagte bevis frå tidlegare arbeid forklarast gjennom differensiell korrosjon. Hydrotermale mineralfyllingar antyder at sprekkar er eldre enn grotten, og kan tilskrivast prosessar knytt til den kaledonske orogonese i sein silur til tidleg devon eller opninga av Norskehavet i neogen. Gjennom ei kryssingsanalyse er føreseiing av passasjeretning forsøkt, der resultat i beste fall visar sannsynleg utstrekking.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectgrotte
dc.subjectgrottearkitektur
dc.subjectkarst
dc.subjectstrukturspeleologi
dc.subjectLomsdal-Visten nasjonalpark
dc.titleKarst i Elgfjellet, Lomsdal-Visten nasjonalpark: Strukturgeologi og grottearkitektur i Gråryggen
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-26T22:00:53Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskapen_US
dc.description.localcodeGEOV399
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.subject.nus756199
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0
dc.date.embargoenddate2021-06-16


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel