Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAasmundtveit, Olaveng
dc.date.accessioned2008-06-19T09:41:36Z
dc.date.available2008-06-19T09:41:36Z
dc.date.issued2008eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/2711
dc.description.abstractTalemålsforskarar har dei seinare åra peika på at det går føre seg stor påverknad mellom norske talemål. Blant anna er det registrert ei utjamning og forenkling av stadbundne og særeigne talemålstrekk, noko som kan tyde på at talemåla vert stadig meir like kvarandre over eit større område enn tidlegare. Det er viktig å peike på at det finst regionale skilnader, så farten på denne utjamnings- eller nivelleringsprosessen kan vere ulik frå landsdel til landsdel. Men når det gjeld den generelle talemålsutviklinga på Austlandet, er det mykje som tyder på at det bokmålsnære talemålet i hovudstaden kan ha stor påverknadskraft på bygdemål med færre talemålsbrukarar. Innanfor dei austlandske talemåla er det altså ein tendens til at det går føre seg ei utjamning og forenkling, og fleire stader ser ein at særeigne bygdemålsformer er under press frå meir utbreidde sentralaustlandske talemålsformer. Dette er ei utvikling ein særleg har sett i dei store austlandske dalføra, der til dømes midlandsmål er i ferd med å miste stadig fleire av sine særeigne talemålsformer som ein følgje av det språklege presset frå talemål på det sentrale Austlandet. Det er gjort ei rekkje sosiolingvistiske granskingar av norske talemål i bygder og byar dei siste åra, blant anna under det omfattande nasjonale talemålsprosjektet Talemålsendring i Noreg (TEIN)1, som stadfestar mykje av den same utjamnings- og forenklingstendensen ein særleg har funne innanfor dei austlandske talemåla. Det er derimot skrive lite om kva endringar som går føre seg i talemålet i Vest-Telemark, og kva innverknad dei sentralaustlandske talemåla har på eit typisk midlandsmål som vesttelemålet. Dette er noko eg ville finne ut av, og eg set difor opp følgjande problemstillingar for denne avhandlinga: 1: Kva innverknad har dei sentralaustlandske talemåla på det tradisjonelle vesttelemålet? 2: Kva er bakgrunnen for at endringane slår gjennom? Denne avhandlinga er altså ei sosiolingvistisk gransking av det stadbundne og tradisjonelle vesttelemålet, der målet mitt er å sjå nærare på korleis dette vert påverka både av generelle samfunnstilhøve og sosiale tilhøve hjå den einskilde talemålsbrukaren. I denne samanhengen vil eg sjå utviklinga i vesttelemålet på bakgrunn av endringstendensane forskarar har funne elles på Austlandet, og då særleg med tanke på korleis tilhøvet eller påverknaden er i dag mellom dei ulike austlandske talemåla, eller mellom talemåla og ei eventuell nasjonal eller overregional talemålsnorm. Det vil såleis òg vere aktuelt å sjå utviklinga i samband med den auka sentraliseringa og regionaliseringa i Noreg, og drøfte kva dette har å seie for vesttelemålet.no_NO
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleHøtt skjer’a? Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet til unge i Vest-Telemarknob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel