Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJohansen, Anderseng
dc.date.accessioned2008-11-12T08:57:30Z
dc.date.available2008-11-12T08:57:30Z
dc.date.issued2008-11-12eng
dc.date.submitted2008-06-02eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/2940
dc.description.abstractDen overordna problemstillinga for denne drøftinga er når det eksisterer ein fast driftsstad (eng; permanent establishment) i skatteavtalar som er basert på OECD sin mønsteravtale art 5(1), sett i lys av norsk rett. Siktemålet med teksten er å forklare rettstilstanden for dei generelle reglane og vise grensedraginga for når vilkåra er oppfylt. Dette inneber at drøftinga vil bli forsøkt konsentrert kring rettsbruken som kjem til uttrykk gjennom dommar og avgjerder som norske domstolar og administrative styresmakter har fatta, men dette rettskjeldemateriale er ikkje tilstrekkeleg for å gi ei uttømande forklaring av innhaldet i vilkåra. Difor vil også utanlandsk rettspraksis, samt innanlandsk- og utanlandsk teori vere relevante kjelder i drøftinga..Av plassomsyn har eg måtte avgrense tyngda for drøftinga til dei objektive og subjektive vilkåra. Dei objektive vilkåra knyt seg til eksistensen av ei forretningsinnretting og geografisk tilknyting, mens dei subjektive vilkåra er at skatteytaren må ha rett til å disponere forretningsinnrettinga, samt at denne retten må eksistere for ei viss tid. Funksjonalitetsvilkåret knyt seg til om det skjer verksemdsaktivitet i kjeldestaten. Det vert berre føretatt ei summarisk handsaming av sistnemnde vilkår.Forutan plassomsyn er dei subjektive og objektive vilkåra valt då desse vilkåra fleire gonger har vore drøfta inngåande av norske domstolar. Den siste og kanskje den viktigaste grunnen til avgrensinga, er at mykje av utviklinga i OECD-statane sin internasjonale skattleggingstankegang kjem til uttrykk gjennom tilknytings- og tidskravet. Kommentaren til Mønsteravtalen er sånn sett ei viktig rettskjelde i denne samanhengen. Denne har som føremål å forklare innhaldet i vilkåra i dei ulike føresegna i Mønsteravtalen. Denne har gjennomgått vesentlege endringar sidan 1963, og gjennom endringar i denne kan ein sjå utviklingstendensar. Desse søkjer eg å få fram, då eg vonar utviklinga kan bidra til å få fram omsyna bak regelen, og på den gjere innhaldet av regelen klårare. Rett nok er det ei svak side ved Kommentaren er at den i stor grad nyttar seg av konkrete eksempel, som er vanlig i common law-tradisjonen. I nordisk og tysk rettsbrukstradisjon er det vanleg med ei større grad av utpensling av generelle reglar, enn det som kjem til uttrykk i denne.en_US
dc.format.extent315067 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectPEnob
dc.subjectFast driftsstednob
dc.subjectOECDnob
dc.subjectPermanent establishmentnob
dc.titleFast driftsstad etter OECD sin mønsteravtale artikkel 5(1) sett i lys av norsk rett : rettstilstanden omkring dei objektive og subjektive vilkåranob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i rettsvitenskap
dc.description.localcodeJUS399
dc.description.localcodeMAJUR
dc.subject.nus737102eng
fs.subjectcodeJUS399


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel