Show simple item record

dc.contributor.authorVevle, Invild Kleivelandeng
dc.date.accessioned2010-01-19T12:20:02Z
dc.date.available2010-01-19T12:20:02Z
dc.date.issued2008-09eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/3745
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek føre seg den tidlege fasen i produksjonen til lyrikaren Halldis Moren Vesaas. I hovudsak gjeld undersøkinga dikta ”Jordange”, ”Brurebøn”, ”Bylgje” og ”Sonen og treet”, som kvar for seg representerer dei fire fyrste diktsamlingane til forfattaren, utgjevne i perioden 1929–1936. Eg argumenterer for at kvart av dei fire dikta avslører korleis ein estetisk diskurs skaper og samtidig underminerer kjønna figurar som ”elskarinna”, ”brura”, ”partnaren” og ”mora”. Lesingane tek utgangspunkt i tekstar av litteraturteoretikaren Paul de Man og tankane hans om at all dikting er prega av ein ”tropenes retorikk”. Eg dreg parallellar mellom Moren Vesaas sine dikt og andre litterære verk, til dømes ”Dagen svalnar …” av Edith Södergran, Kristin Lavransdatter-trilogien av Sigrid Undset, og folkevisene, representert ved ein riddarballade. Parallellføringane får fram at Halldis Moren Vesaas er langt meir radikal i tilnærminga si til kjønnsspørsmål enn det som har vore vanleg å hevda i resepsjonen. Dei utvalde dikta problematiserer etablerte forståingar av kjønn og av tilhøvet mellom kjønna. Denne oppgåva vil i det heile formidla at dikta til Moren Vesaas har ein spenningsfylde i seg som for det meste er underkommunisert. I kommentarlitteraturen er det vanleg å hevda at dikta er harmoniske og enkle. Eit utgangspunkt for oppgåva er at resepsjonen ofte har undervurdert forfattaren og ikkje teke dikta hennar på alvor som medvitne poetiske uttrykk. Dette må ein sjå i samanheng med at diktinga til Moren Vesaas er relativt lite forska på, jamvel om forfattaren utan tvil er kanonisert. Ein kan sjå klåre likskapar mellom måten avismeldarane frå 1929 omtala debutanten Halldis Moren på, og måten ho seinare har vorte framstilt på i til dømes litteraturhistoriene. Resepsjonen har såleis stoppa opp på eit nokså tidleg stadium, med nokre heiderlege unntak. Arbeidet som no ligg føre vil oppvurdera den estetiske verdien av dikta til Moren Vesaas, og går inn for å gjera det gjennom nære lesingar. Oppgåva rommar, i tillegg til diktlesingane, ein innleiingsdel med ein kritisk gjennomgang av resepsjonen og presentasjon av to essay av Paul de Man: ”Semiology and Rhetoric” og ”The Rhetoric of Temporality”. I tillegg til de Man, er andre teoretikarar som Toril Moi, Judith Butler, Julia Kristeva og Jonathan Culler nemnde i ulike samanhengar i oppgåva.en
dc.description.abstractThis MA thesis examines the poet Halldis Moren Vesaas’ early writings. The main focus is on the poems ”Jordange”, ”Brurebøn”, ”Bylgje” and ”Sonen og treet”, which are drawn from and represent the author’s first four publications, published in the years 1929–1936. I suggest that each of the four poems reveals an aesthetic discourse which both creates and undermines gendered figurations such as ”the mistress”, ”the bride”, ”the partner” and ”the mother”. The interpretations of the poems are based on the work of the literary theorist Paul de Man and his notion of ”rhetoric of tropes”. Moren Vesaas’ poems are seen in relation to other literary works, such as Edith Södergran’s ”Dagen svalnar …”, Sigrid Undset’s triology of Kristin Lavransdatter, and to folklore, represented by a medieval ballad. These comparisons indicate that Halldis Moren Vesaas is far more radical in her approach to gender issues than previously recognized. The four poems analyzed in this thesis challenge established understandings of gender and gender relations. It is my intention to display a profound tension in Moren Vesaas’ poems that has been largely undervalued. The poems have commonly been perceived as harmonic and simple. This thesis is based on the view that the poet often has been underestimated and that her poetry has not been taken seriously as conscious poetic expressions. This must be seen in connection to the relative lack of research on Moren Vesaas’ poetry, despite her obvious canonisation. We may find clear similarities between the descriptions of Halldis Moren as literary debutant in the newspaper reviews of 1929 and the later presentations of the writer, as found for example in the literary history. The reception has in other words stagnated on a relatively early stage, with some honest exceptions. This work attempts to raise the appreciation of the aesthetic value of Moren Vesaas’ poems through close readings. In addition to the interpretations of the poems, the thesis contains an introductory chapter with a critical review of the reception and a presentation of Paul de Man’s two essays “Semiology and Rhetoric” and ”The Rhetoric of Temporality”. Other theorists referred in this work are above all Toril Moi, Judith Butler, Julia Kristeva and Jonathan Culler.
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.title"Alle roser glør" Kjønna retorikk i fire dikt av Halldis Moren Vesaasnob
dc.typeMaster thesiseng
dc.type.degreeMaster i Nordisk språk og litteraturnob
dc.type.courseNOLISP350eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nob
dc.subject.archivecodeMastergradeng
dc.type.programMAHF-NORDeng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record