Born som er vitne til vald i familien; Evidens for gruppebehandling basert på kognitiv åtferdsterapi
Abstract
Born som er vitne til vald i familien utgjer ei risikogruppe for
utvikling av ei rekke psykososiale vanskar, og skadeverknader er
blitt dokumentert både på lang og kort sikt. Formålet med den
føreliggande litteraturstudien var å undersøkja kva evidens som
ligg føre for å driva gruppebehandling for born som har vore
vitne til vald i familien, basert på kognitivt åtferdsmessige
prinsipp. Studien er inspirert av eit norsk, statleg støtta
behandlingsprosjekt og den påfølgande utgjevinga av ein
behandlingsmanual for denne gruppa born. Aktive
verknadsmekanismar i behandling, samt defineringa og/eller
problematiseringa av foreldreinvolvering i samband med
behandling, har vore øvrige fokus for studien. Ved bruk av eit
systematisk litteratursøk vart 20 artiklar inkluderte i studien.
Resultata frå denne litteraturstudien gjev ikkje grunn til å
trekkja eintydige konklusjonar om behandlingseffekt.
Enkeltstudiar dokumenterer lovande resultat i form av
signifikant behandlingseffekt og ein liten til moderat
effektstorleik. Resultata er likevel prega av korleis studiane
varierer, mellom anna i form av ulike definisjonar av målgruppa,
ulikt innhald i behandlinga og ulike utfallsmål. Det gjenstår
framleis arbeid for å dokumentera om, og i so fall i kva grad,
gruppebehandling basert på CBT er ein effektiv intervensjon i
behandlinga av psykososiale vanskar hjå born som er vitne til
vald i familien. Det er ikkje systematisk undersøkt kva
verknadsmekanismar som ligg til grunn for effektiv behandling.
Heller ikkje er effekten av ulike foreldreintervensjonar
systematisk studert. Metodologiske utfordringar ved studiane
vert so drøfta. Avslutningsvis drøftast implikasjonar for klinisk
praksis og forslag til vidare forsking vert gjeve Children witnessing intimate partner violence are an at-risk
group of developing psychosocial problems. Both short and long
term deleterious effects have been documented. The purpose of
this study was to examine available evidence of the effect of
group cognitive behavioural therapy on child witnesses of
intimate partner violence. The study is inspired by a Norwegian
state funded treatment project and the resulting development of
a treatment manual for this group of children. Other aims of this
study were to investigate how research literature answers the
question of treatment mechanisms and how parental
involvement in treatment are defined and/or debated. By
conducting a structured literature search, 20 articles were
included.
The results of this study are not conclusive concerning the
effect of group cognitive behavioural treatment for child
witnesses of intimate partner violence. Single studies show
promising results, documenting significant treatment effects
and small to moderate effect sizes. The results are never the less
characterized by the differences in central aspects such as
group definition, content of treatments and outcome measures
used. More research is needed to document the effect of group
treatment based on CBT for child witnesses of intimate partner
violence. No systematic research on treatment mechanisms has
been found. There is a need of more systematic research on the
effect of different types of parental involvement in treatment.
Methodological issues of the studies are discussed. Implications
for clinical work are discussed and suggestions for future
research outlined.
Publisher
The University of BergenCollections
Copyright the author. All rights reserved
The author
The author