Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNordvik, Bernt Eirikeng
dc.date.accessioned2010-09-01T10:17:44Z
dc.date.available2010-09-01T10:17:44Z
dc.date.issued2010-05-14eng
dc.date.submitted2010-05-14eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4067
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om den språkdelte avisa Vestnytt, som dekkjer kommunane Fjell, Sund og Øygarden, og nynorskavisa Os og Fusaposten, som dekkjer kommunane Os og Fusa. Begge er lokalaviser i bergensområdet, og begge opererer i regionar prega av sterkt tilflytting frå Bergen. Men språkutviklinga i avisene er ulik. Det er også språkutviklinga i dei to regionane avisene dekkjer. Mitt mål med denne oppgåva har vore å finna ut kvifor det er slik. Handlar dette berre om ulike haldningar til nynorsk i dei to avisredaksjonane, eller er ulike språkhaldingar også tufta på ulik kulturhistorie i avisene sine dekningsområde? Dette har vore eit viktig spørsmål i arbeidet mitt. Det har også vore viktig å finna ut kva haldningar journalistane i desse to avisene har til nynorsk som avisspråk. Primærmaterialet mitt har vore kvalitative intervju med eit strategisk utval informantar. I oppgåva presenterer eg først problemstilling, mål, metode og forskingstradisjon, før eg rettar eit generelt blikk mot lokalavisene rundt Bergen. Deretter har eg sett på lokalavisene som oppgåva primært omhandlar, i eit historisk perspektiv. Eg presenterer også lokalsamfunna dei to avisene dekkjer og ser på føresetnader for ulik språkutvikling i dei to avisene sine nedslagsfelt. Intervju med journalistane i dei to avisene utgjer ein sentral del av oppgåva. Her freistar eg å kartleggja haldningar til nynorsk blant journalistane i desse to avisene. Til slutt har eg sett på om det er kulturhistoriske føresetnader for ulik språkutvikling i desse to avisene og i regionane dei dekkjer. Gjennom arbeidet har eg funne at etablerte språkhaldningar i avisene også påverkar journalistane sine språkhaldningar. Men eg finn også at tidlegare røynsle med nynorsk er avgjerande for journalistane sine språkval. I den kulturhistoriske delen finn eg at det er grunn til å tru at ulik kulturhistorie gjev ulik språkutvikling i dei to avisregionane. Men geografisk og mental avstand til Bergen spelar også ei viktig rolle. Det gjer også ulik busetnadspolitikk i dei to regionane. Integrering i eksisterande bumiljø kontra etablering av sjølvstendige byggjefelt er eit døme på dette. Eit viktig spørmål har vore om avisene sine språkval også påverkar opplaget deira. Eg konkluderer med at dette ikkje har særleg betydning, og at det at innbyggjarane identifiserer seg med eit lokalmiljø, spelar ei langt viktigare rolle heren_US
dc.description.abstractThe subject for this study is the local newspapers Vestnytt, which covers the communes of Fjell, Sund and Øygarden, and Os og Fusaposten, which covers the communes of Os and Fusa. While Vestnytt is a bi-lingual newspaper (nynorsk/bokmål), Os og Fusaposten is stritcly a nynorsk newspaper. Both newspapers is distributed in regiones with heavy migration from Bergen. But there is still a difference in how the language in these newspapers developes, and also in the regiones the two newspapers covers. My goal har been to find out why it is so. Is the journalists in Vestnytt simply taking a different position to nynorsk than their colleagues in Os og Fusaposten, or is this also related to unequal cultural history in the regiones of these newspapers? This has been a key issue in my work. It has also been important for me to find out more about the journalists opinions and poistions in relation to the question of nynorsk as a newspaper language. My main material in this study is interviews with a strategic selection of informants. After a relativly short introduction to the subject of this study, I look at the local newspapers in the Bergen area in general. Then I look at the two newspapers this study has its main focus on from a historic point of view. I also give a presentation of the two local communities these to newspapers covers, and look at presuppositions for unequal language development in these communities. The interviews I’ve made with the journalists in the two newspapers is an important part of this study. Through these interviews, I’ve tried to map these journalists position in relation to nynorsk in these two newspapers. At last I’ve tried to find out if unequal language development in the regiones of these two newspapers is related to unequal cultural history. Through my work, I’ve found that established language attitudes in the newspapers is adopted and reflected in the stand that the various journalists take on these issues. But I also find that previous experience with nynorsk is decisive when it comes to the journalists language choices. In the section of this study that concentrates on cultural history, I find that unequal cultural history is likely to give unequal language development. But geographical and mental distance to Bergen also plays an important role. It is also important to language development how new housing areas are planned, and how new citizens are integrated in the local communities they move to. I have also tried 101 to find out if the language choices of these two newspapers is reflected in the number of subscibers in their respective areas. I’ve found that it’s very little that indicates this. My conclusion is that the inhabitants ability to identify themselves with the local community is of greater importance in this matter.en_US
dc.format.extent7528903 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleLokalavisa - nynorskbastion under press - eit språkkulturelt blikk på avisene Vestnytt og Os og Fusaposten.nob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel