Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæther, Ingunn Gidskeeng
dc.date.accessioned2011-06-08T08:54:29Z
dc.date.available2011-06-08T08:54:29Z
dc.date.issued2009-05-15eng
dc.date.submitted2009-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4790
dc.description.abstractI dette masterprosjektet er hovudfokuset på gravide kvinner og deira kvardag. Ved hjelp av kvalitative forskingsintervju av åtte kvinner tilsette i fulltidsstillingar i helsevesenet, har eg fått mykje kunnskap om svangerskap, og om korleis graviditeten påverka desse kvinnene i deira løna arbeid og i dagleglivet på heimebane. Interessa for tema er knytt til min egien graviditet. Ut frå denne erfaringa undra eg på korleis andre gravide opplevde å kombinere den gravide tilstand med fulltidsarbeid og ansvar på heimebane. Graviditet er ein normal fysisk tilstand, men er det ein tilstand som er kompatibel med alle typar yrker? Graviditet og fødsel er tema som er tett knytt til biologi, kjønn og likestilling, ettersom graviditet er ein tilstand som umiskjenneleg viser at kvinner biologisk er annleis enn menn. Eg har difor nytta likestilling som eit teoretisk utgangspunkt i masteroppgåva. På den måten har eg plassert kvinnene eg har intervjua i ein samfunnsmessig samanheng. Eg viser korleis det er eit politisk mål å legge til rette for å kunne kombinere yrkesaktivitet med reproduksjon. Eg finn òg at gjeldande likestillingsideal gjer at kvinnene føler dei bør greie å halde same aktivitetsnivå som før graviditeten, både i det løna arbeidet og på heimebane. Samstundes er sjukemeldingsraten høg blant gravide i Noreg. Det vil seie at der er ein diskrepans mellom eit likestillingsideal som tilseier at graviditeten ikkje bør vere noko hinder for å leve som før, ved å arbeide som før, og ein realitet som viser at dei fleste gravide blir sjukemeldte. Mitt fokus har vore desse åtte kvinnene; deira opplevingar og erfaringar, deira kvardag. Ved forske med utgangspunkt i kvardagslivet har eg òg funne at den amerikanske sosiologen Hochschild (2003, 2001) sine skiftomgrep og hennar tankar om kjønnsstrategi har vore svært nyttige analytiske reiskapar i mi analyse. Målsetnaden for denne oppgåva har vore å setje fokus på korleis kvinner opplever å vere gravide i ein vanleg kvardag, der dei er yrkesaktive og har ansvar i heimen. Eg har sett på dei gravide sine erfaringar i samanheng med likestillingsideologien i Noreg. I denne samanhengen har eg fokusert på likskapstanken, og korleis denne passar overeins med graviditeten. Eit fokus på kvinnespørsmål og tema som er viktige i kvinner sine liv er vesentleg for å fremje kvinnesak og påverke kvinner sin situasjon, og eg håper at forsking gjeldande graviditet vil kunne ha påverknad på korleis kvinner opplever denne tida av livet, når dei ber fram barn. Eg finn i mi undersøking at kvinnene eg har intervjua set arbeidet sitt høgt, og prioriterar det framfor mykje anna. Dei ønskjer å kombinere graviditet med yrkesaktivitet, men for dei fleste blir dette for krevjande. Den gravide tilstand tvingar fram endringar i det første, det andre og det tredje skiftet, trass i eit likestillingsideal som tilseier at dei skal kunne leve som før. For å kunne fortsette i arbeid gjer dei fleire ulike grep. Partnarane aukar sin innsats på heimebane, samstundes som kollegar og leiing på arbeidsplass gjer grep for å tilrettelegge arbeidet for dei gravide. For dei fleste er dette likevel ikkje tilstrekkeleg, og dei blir sjukemeldte. Eg vil hevde at dette tyder på at likestillingsidealet stiller urealistiske krav til gravide kvinner, og at det skjuler den formidable innsatsen kvinner gjer når dei ber fram eit barn. For kvinna og barnet sitt beste burde det kanskje vere eit mål å gjere det meir...en_US
dc.format.extent550321 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleGravid - kva så? : Ei kvalitativ undersøking av gravide sitt kvardagsliv, på jobb og heime.eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS350
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Sociology: 220eng
fs.subjectcodeSOS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel