Kreative prosessar i fjernsynsskaping - ein produksjonsanalyse av Norsk attraksjon
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/1956/4992Utgivelsesdato
2011-05-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne oppgåva har vore å undersøke korleis produksjonsteamet til fjernsynsprogrammet Norsk attraksjon arbeidar med å skape programmet under dei ulike produksjonsfasane. Ut frå eit teoretisk perspektiv på kreativitet, fokuserer produksjonsstudien på korleis programkonseptet vart utforma og kva former for kreativitet ein finn i produksjonen. Innhenting og analyse av materialet har blitt gjort ved tekstanalyse av programmet, feltobservasjon og kvalitativt intervju. Analysearbeidet viser at teamet nyttar ulike typar kreativt arbeid innan dei forskjellige fasane av programproduksjonen, og det viser korleis desse kreative metodane, saman med blant anna arbeidsfordeling, gruppehierarki og rammevilkår påverkar produksjonen av programmet.