Kartlegging av område med potensiell skredfare i Os kommune, Hordaland
Abstract
Frå 2010 trådde plan- og bygningslova i kraft. Den
seier at risiko- og sårbarheitanalyse med omsyn på
mellom anna skred skal utførast i samanheng med
nybygging og merkast på aktsemdkart. Dette er
bakgrunnen for at Os kommune, Hordaland, ønskte
kartlegging av aktsemdområder i kommunen. Gjennom
analysar og feltundersøkingar er det funne åtte
område som eg meinar samsvarar med definisjonen av
aktsemdområde. Resultata av undersøkingane er
presentert i rapportform og som aktsemdkart, som
Os kommune kan nytte i arealdelen i kommuneplanen
og til planlegging av vidare faresonekartlegging.
Skredtypane som har utmerka seg gjennom
kartlegginga er steinsprang, massestraumar,
flaumskred, og marine avsetjingar med fare for
leirskred. Steinsprang er hyppigast observert, men
leirskred kan vere den største skredfaren i
kommunen. Dei ulike skredtypane kan endre mønster
og hyppigheit om klimaet endrar seg.
Utløysingsårsaker kan vere samansette, men nedbør
er ofte medverkande ved alle skredtypane. I lys av
klimaframskrivingane mot 2100 som visar auke i
både temperatur og nedbør på landsbasis, kan ein
truleg sjå hyppigare og større skred i framtida.
Dette gjeld også i Os kommune, som ligg i den
regionen i Noreg det er venta størst auke i
nedbørmengder og -intensitet, samt
ekstremnedbørhendingar. Skred vert ofte utløyst i
samanheng med ekstremnedbørhendingar, då følgjene
av store nedbørsmengder er erosjon og mobilisering
av materiale auka hydrostatisk trykk i sprekker
eller porerom med påfølgande. Fleire av skreda som
er observert i Os har vore utløyst i samband med
store nedbørshendingar. Ei samanlikning mellom
skredfaren i Os og nabokommunen viser at
steinsprang er utbredt i denne regionen, men at
hovudtrusselbiletet for Bergen og Os er høvesvis
steinsprang og leirskred. Mine resultat i form av
aktsemdområde og aktsemdkart samsvarar i stor grad
med NVE sine retningslinjer og krav til
skredfarekartlegging og aktsemdområde.
Publisher
The University of BergenCollections
Copyright the author. All rights reserved