Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKrakhellen, Ole Gunnareng
dc.date.accessioned2012-04-30T08:48:34Z
dc.date.available2012-04-30T08:48:34Z
dc.date.issued2011-05-16eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/5779
dc.description.abstractThis thesis is a study of a multicultural classroom and what the foci of English as a foreign language are. Furthermore, it focuses on how intercultural competence could be promoted.en_US
dc.description.abstractDenne masteravhandlinga fokuserer på moglegheitene for utvikling av interkulturell kompetanse, som er tilstades i engelskundervisninga i eit multikulturelt klasserom for vaksne ikkje-vestlege innvandrarar. Desse elevane tek vidaregåande utdanning for å få generell studiekompetanse for vidare utdanning på universitet eller høgskule. Basisen for interessa for det multikulturelle klasserommet stammar frå undervisningspraksis i eit tilsvarande klasserom våren 2010. Denne avhandlinga bygger såleis også på tidlegare erfaringar. Avhandlinga er delt inn i fem kapittel, der det første vil gje ein kort presentasjon av bakgrunnen for temaet, samt ein presentasjon av problemstillingar og hypoteser. Problemstillinga er todelt, der den første problemstillinga fokuserer på kva situasjonen i eit gitt multikulturelt klasserom er i dag, og kva fokuset for undervisninga er. Den andre problemstillinga er starten på ein diskusjon om korleis dette fokuset kan endrast for å betre utviklinga av interkulturell kompetanse i dette og liknande klasserom. For å kunne svare på problemstillingane, er det naudsynt med ein diskusjon av teorien som er knytt til fagfeltet, noko som vil verte gjort i kapittel 2. Her vert også interkulturell kompetanse definert, noko som vil ha stor innverknad på den vidare diskusjonen. Studien baserar seg på data innsamla frå eit klasserom, og tre metodar vil verte nytta, desse er spørjeskjema, klasseromsobservasjon og intervju med tre studentar og læraren. Metodane og utforminga av ulike hjelpemiddel vert diskutert i kapittel 3. I kapittel 4 vil resultata bli presentert og diskutert i samband med problemstillingane og hypotesene. Resultata syner at fokuset i dette klasserommet er på språklege ferdigheiter, framfor eit kulturelt fokus. Vidare er det klart at både lærar og elevar ynskjer at dette skal vere fokuset i engelskundervisninga. Dette trass i at både svara til spørjeskjemaet og studentintervjua tydeleg syner at elevane er til dels særs reflekterte når det gjeld kultur, samt eigen og andre sin kulturelle bakgrunn. I tilknyting til diskusjonen av den andre problemstillinga, vert det framheva at det er viktig å ha eit bevisst fokus og ein bevisst strategi for korleis interkulturell kompetanse skal fremjast i klasserommet. I kapittel 5, konklusjonen, vert det gjeve både ei oppsummering av dei funna som er gjort, og det vert synt til eit mogleg forbetringspotensiale i avhandlinga, samt korleis dette arbeidet kan verte vidareført ved vidare forsking.no_NO
dc.language.isoengeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectMultikulturell kompetansenob
dc.subjectVidaregåande utdanningnob
dc.titlePromoting Intercultural Competence in a Multicultural Classroomeng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeMaster i engelsk
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::English language: 020
fs.subjectcodeENG350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel