Show simple item record

dc.contributor.authorLie, Åsne Bruvikeng
dc.date.accessioned2012-05-14T08:07:09Z
dc.date.available2012-05-14T08:07:09Z
dc.date.issued2010-05-18eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/5797
dc.description.abstractMasteroppgåva mi: "Tradisjonen tru - eller trua tradisjon? To nynorske samtidsromanar i litterær og kulturell tradisjonssamanheng" spør om nynorsk litteratur som vert skrive i dag er påverka av historia og tradisjonane som er knytt til det nynorske skriftspråket. Mi problemstilling er då: Kva har den nynorske samtidslitteraturen med seg av nynorskkulturen sine tradisjonelle element? På kva slag måte representerer den eit oppbrot frå denne kulturen? For å forsøka å svara på dette har eg analysert to samtidsromanar Bikubesong (1999) av Frode Grytten og Få meg på, for faen (2005) av Olaug Nilssen, i tillegg til etterkrigsromanen Sevje (1959) av Aslaug Høydal. Eg analyserer romanane ut i frå ein nynorsk litterær tradisjon og nynorske litterære normer, som eg har skissert hovudsakeleg ut frå Idar Stegane sin avhandling Det nynorske skriftlivet (1987) og Aslaug Nyrnes sin avhandling Det (ny)norske mennesket (1985). Og som eg konkretiserer gjennom å kort analysera romanane Madli und' apalen (1900) av Jens Tvedt og Det store Spelet (1934) av Tarjei Vesaas. For å få eit samanlikningsgrunnlag for romananalysane har eg analysert romanane ut frå tema: sosiologi, natur, kultur, kjønn og språkmedvit. Eg ser i konklusjonen og samanlikninga korleis samtidslitteraturen i stor grad bryt med normene som var for nynorsk litteraturen og den nynorske tradisjonen, særleg ved ikkje å skildra ein bondekultur. Men eg ser også korleis dei to romanane vidarefører fokuset på dei mindre miljøa, og korleis skriftspråket vert tematisert gjennom å bruka sitat på bokmål i nynorskteksten. Og konkluderer difor med at dei nynorske samtidsromanane eg har analysert, har eit medvit om skriftspråket si tradisjon og historie som tekstane ikkje kan stilla seg likegyldige til eller koma utanom.nno
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleTradisjonen tru – eller trua tradisjon?nno
dc.typeMaster thesiseng
dc.type.degreeMaster i Allmenn litteraturvitenskapnob
dc.type.courseALLV350eng
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042eng
dc.type.programMAHF-LITTeng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record