Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHeimvik, Arildeng
dc.date.accessioned2012-10-25T07:06:39Z
dc.date.available2012-10-25T07:06:39Z
dc.date.issued2012-05-29eng
dc.date.submitted2012-05-29eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6146
dc.description.abstractProblemstillinga for oppgåva har vore: Ei samanlikning av det grøne sertifikatsystemet i England/Wales og Sverige. Korleis vil den spesielle fondsordninga med fokus på dei kvotepliktige leverandørane, slå ut på virkemåten til det britiske elsertifikatsystemet, i forhold til det svenske? Analysen har gått føre seg ved bruk av ein teoretisk analytisk modell som tek for seg oppbygginga og virkemåten til eit grønt sertifikatsystem. Basetilfellet var ei analyse av den svenske ordninga. Ved å modifisere modellen for å ta omsyn til den særeigne britiske fondsordninga og tilpassing frå leverandørane, utførde eg ein ny analyse for å sjå korleis det britiske sertifikatsystemet oppførde seg i forhold til det svenske. Eg utarbeida og ein enkel numerisk modell, på grunnlag av den teoretiske modellen. Denne vart brukt for sjå litt kva ein kunne forvente seg av analysen av det britiske sertifikatsystemet. I drøftinga, samanlikna eg resultata frå analysane, og såg samstundes kort på prestasjonen til sertifikatsystema, ut i frå dei fastsette målsetningane. Gjennom analysen fann eg at det meir komplekse britiske sertifikatsystemet ikkje makta å produsere fleire klare resultat enn det meir forenkla svenske systemet. Tvert i mot. I det svenske systemet fann eg at den svarte elektrisitetsproduksjonen ville gå ned, ved ei auke i kvotekravet. I det britiske systemet var det opphavleg ikkje mulig å trekke nokon sikre konklusjonar. Først når eg gjorde ekstra antakingar, var det mulig å sei noko ut i frå resultata mine. Men sjølv då, var det ikkje mulig å sei noko meir enn det eg kunne frå den svenske analysen. Ingen av sertifikatordningane kunne heller garantere at auke i dei myndigheitsstyrte parametrane i modellen ville garantere ei auke i grøn elektrisitetsproduksjon. Modellane mine viste og andelen grøn elektrisitet ville være mindre i den britiske ordninga, ved at marginalkostnadskurva for elektrisitet innehaldt ein lågare andel grøn elektrisitet enn det som var tilfellet i det svenske ordninga. Eg såg og at i likevekt, ville både tilbod og etterspurnad være lågare i den britiske sertifikatmarknaden, i forhold til det svenske. Den meir komplekse britiske sertifikatordninga såg ikkje ut til å prestere betre i den teoretiske analysen. Når det gjaldt korleis sertifikatsystema har prestert i forhold til skisserte målsetningar, var og det generelle inntrykket at det svenske systemet kom betre ut. I arbeidet med oppgåva, nytta eg programma Excel og Scientific Workplace for å behandla likningane i den enkle numeriske modellen.en_US
dc.format.extent405398 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleSamanlikning av det grøne sertifikatsystemet i England/Wales og Sverigeeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeECON390
dc.description.localcodeMASV-SØK
dc.subject.nus734103eng
fs.subjectcodeECON390


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel