dc.description.abstract | Fortidsminnevern har i våre dagar ein sjølvsagt plass i verdssamfunnet. Det eksisterer ei vid folkeleg og politisk semje om at vern av kultur- og naturminner har ein naturleg plass i vårt felles menneskelege ansvar. Denne innstillinga har ikkje alltid vore like eksplisitt formulert som i dag. Ei heller har omfanget av eit slikt vern, og tilnærming til dette vore tydeleg og klart. Ulike filosofiar og teoriar har vore dominerande og skifta i takt med samfunnet og det intellektuelle klimaet som har omgitt dette. Dagens norske praksis skil seg sterkt frå det tidlege vernet av fortidsminner slik det synte seg i renessansens Italia, eller 1800-talets England og Frankrike. I denne oppgåva vil eg trekke linjene frå byrjinga til det Europeiske fortidsminnevernet til stoda i Noreg i dag. Som eksempel for det norske, vil eg trekke fram Stavkyrkjeprogrammet sitt arbeid i Undredal kyrkje, som starta våren 2012 og etter planen skal verte avslutta i løpet av 2013. Ved å velje Undredal kyrkje som eksempel, ei av dei få attståande stavkyrkjene i Noreg, vil eg kunne sjå ei av tilnærmingane til fortidsminnevernet i dag, samstundes som eg, som ein konsekvens av dette valet, også vil kome til å ekskludere andre. Stavkyrkjearkitekturen har ein særskild plass i den norske arkitetkurhistoria, og er soleis også viktige i den større norske kulturhistoria. Dei opptrer på mange vis som eit nasjonalt symbol. Ved sidan av alt dette, er dei også mellomalderbygg reist i tre. Dette krever ei tilnærming til vern som skil seg frå andre bygningstypar. Ved å trekke dei lange linjene og lande i Undredal, håpar eg å kunne seie noko om kva ideal som preger vernetanken i Noreg i dag. | en_US |