Avislesing i den digitale kvardagen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/1956/6701Utgivelsesdato
2013-05-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva ser nærare på avislesing i den digitale kvardagen, med utgangspunkt i tre spørsmål; 1) Korleis går avislesinga føre seg i dagleglivet? 2) Korleis blir avislesinga i dagleglivet grunngjeven? 3) Korleis blir avisinnhald delt og drøfta i dagleglivet, og i kva grad er dette eit uttrykk for sjølvpresentasjon? Kvalitative intervju med 12 informantar som les avisa Bergens Tidende på minst to plattformer har danna grunnlaget for analysen. Informantane les avis frå dei vaknar om morgonen til dei sovnar om kvelden, i mange ulike situasjonar og på alle moglege stadar. I ulike situasjonar blir forskjellige lesepraksisar nytta; nokre gongar les dei grundig og detaljert, og andre gongar les dei overflatisk. Oppgåva gir vidare eit innblikk i korleis informantane grunngjev avislesinga. Ein del av lesinga er basert på rasjonelle val, som til dømes når ein les for å halde seg oppdatert på kva som skjer i verda, medan ein del av lesinga er basert på vaner. Siste del av prosjektet ser på korleis informantane deler og drøftar avisinnhald, og kva innhald som inviterer til deling. Informantane deler avisinnhald i alle moglege situasjonar gjennom dagen, og vurderer delinga til å vere ein viktig del av avislesinga.