Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNesset, Thereseeng
dc.date.accessioned2013-09-24T09:45:10Z
dc.date.available2013-09-24T09:45:10Z
dc.date.issued2013-07-04eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7253
dc.description.abstractDenne masteroppgåva presenterer ein arkeologisk studie av ein øydegard i ein fjelldal kalla Hellaug, i Etne kommune i Hordaland. Hovudemna i oppgåva er knytt til etableringa, bruken og øydelegginga av garden. Sidan 1930-talet har Hellaug vore av interesse for arkeologar. I dag er området nytta som stølsområde for gardar inst i Stordalen, ein dal i Etne. På Hellaug er det framleis store beitemoglegheiter, og fram til 1959-talet vart området også nytta ti slåtteaktivitetar. Restane etter øydegarden er nesten urøyrt frå moderne aktivitet, og gir såleis eit godt inntrykk over korleis ein mellomaldergard har sett ut. To langhustufter på høvesvis 42 og ca. 20 meter i lengd, kring 30 rydningsrøyser og eit steingjerde er framleis synlege i landskapet i dag. Den største tufta vart utgraven i 1929 og 1932. Vidare har det vore fleire arkeologiske synfaringar på Hellaug i tiåra etter dette. Vidare vart ein omfattande registrering i Etnefjella utført på 1980-talet og avdekka spor etter utmarksaktivitetar, der fleire kan sjåast i samband med garden på Hellaug. Resultata av utgravinga og desse synfaringane, saman med pollenanalyse, ei studie av lokale stadnamn og resultata frå registreringa utført i samband med denne oppgåva, er kjeldematerialet eg skal nytte i mi studie av Hellaug. Eit viktig aspekt av denne studia er å sjå på Hellaug i ljos av dei omfattande samfunnsendringane som skjedde i perioden frå yngre jarnalder og fram til masseøydelegginga forårsaka av Svartedauden. Dei første spora etter agraraktivitet på Hellaug er datert til ca. 700 e.Kr. Det er naturleg å sjå denne aktiviteten som eit resultat av folkeauka og jordbruksekspansjonen i perioden, som førte til behovet for nyrydda område i meir perifere strøk. I denne tida vart store område på Hellaug rydda for lauvskog og erstatta med eng for beite- og kan hende slåtteaktivitetar. Enkelte kulturlag avdekka frå denne tida kan indikere at det har vore ein form for dyrkingsaktivitet her, men dette er usikkert. Det fins vidare ingen spor etter busetting frå denne tidlegaste tida, dette kan skuldast at dei ikkje er funne endå. Kring 1000 e.Kr. ser det ut til å skje ei endring i agraraktivitetane på Hellaug. Endå større område vert rydda og erstatta av eng, og det er i denne tida også sikre teikn på dyrkingsaktivitetar. Pollenprøver frå denne tida indikerer også at åkrane no vart gjødsla. Samstundes ser det også ut til at det skjer ei intensivering i utmarksbruken. Det er frå denne perioden tuftene er frå. Det arkeologiske materialet frå den utgravne tufta syner eit variert aktivitetsnivå, som vidare syner indikasjonar på handelsverksemd. Langhuset vidare forholdsvis langt samanlikna med samtidige langhus. Det ser ut til at garden hel på fleire av byggjetradisjonane frå jarnalderen saman med typiske trekk for mellomalderen. Gardsaktiviteten på Hellaug syner det var ei variert og bærekraftig drift knytt til husdyrhald, dyrkingsaktivitetar og utmarksaktivitetar. Den intensive bruken av innmarka og utmarka frå slutten av vikingtid av ser ut til å korrespondere med jordbruksekspansjonen som prega bondesamfunnet over heile landet. Dateringar frå Hellaug syner at garden vart lagt øyde i ei tid like etter 1450 e.Kr.. Det er i dag ingen spor som kan tyde på nedgang i bruken av Hellaug før denne tida. Det er difor naturleg å sjå øydelegginga av Hellaug som eit resultat av etterverknadene av Svartedauden. Studiar av busettingsmønster i Etne syner...no_NO
dc.format.extent6596471 byteseng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleØydegarden på Hellaug - ein arkeologisk studie av eit øydegardsanlegg i Etne kommune, Hordalandnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2013-09-24T09:45:11Z


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel