Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRefvik, Hanneeng
dc.date.accessioned2013-10-07T09:34:58Z
dc.date.available2013-10-07T09:34:58Z
dc.date.issued2011-06-23eng
dc.date.submitted2011-06-23eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7364
dc.description.abstract4. april 2011, fem år etter at datalagringsdirektivet vart vedteke av Europaparlamentet og Ministerrådet, vedtok Stortinget å innføre direktivet i norsk rett. Dette vart gjort etter sjeldan engasjement og debatt kring eit EU-direktiv, både offentleg og i Stortinget. Denne studien tek sikte på å analysere den offentlege debatten kring innføring av EU sitt datalagringsdirektiv i Noreg. Føremålet med studien er 1) å forklare kvifor det har vorte så mykje debatt kring dette direktivet, og 2) undersøkje om det er mogleg å bruke den deliberative demokratiteorien på faktiske empiriske debattar og i kva grad debatten lever opp til idealet. Med bakgrunn i tre periodar, frå 2009 til 2011, har eg sett på innhald og kvalitet i debatten. Problemstillinga for studien er todelt. For det første: Kvifor er det så høg grad av konflikt i debatten? Her har eg argumentert for at den høge graden av konflikt i debatten kan forklarast med utgangspunkt i tre forhold: 1) Prosessen kring innføring har teke lang tid, noko som har gjort motstand mot direktivet mogleg. 2) Direktivet har eit komplekst innhald som handlar om viktige tema i eit demokrati. 3) Omgrepa som står sentralt i debatten er essensielt omstridde og har eit sterkt moralsk-etisk innhald. For det andre: Korleis er den deliberative kvaliteten i debatten, og korleis har denne utvikla seg over tid? Konklusjonane til denne problemstillinga baserer seg på ei kvantitativ måling av den deliberative kvaliteten i debatten. Eg har teke i bruk eit kodeskjema med nokre på førehand fastsette standardar for deliberativ kvalitet. Å utvikle ein metode for å måle deliberasjon i ein offentleg debatt har vore eit mål i seg sjølv i studien, og må i så måte forståast som meir utprøvande. Resultata frå undersøkjinga viser at debatten har ein relativt høg deliberativ kvalitet. Funna viser at institusjons- og organisasjonseliter dominerer i debatten, deltakarane argumenterer for sine krav, dei inkluderer motargument i argumentasjonen sin, appellerer i stor grad til allmenninteresser og brukar karakteristikka.en_US
dc.format.extent1526795 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectDatalagringsdirektiveteng
dc.subjectEUeng
dc.subjectdeliberasjoneng
dc.subjectPersonverneng
dc.subjectsamfunnstryggleikeng
dc.subjectDemokratieng
dc.subjectrettsstateng
dc.titleDemokrati, personvern og samfunnstryggleik - Ei analyse av deliberativ kvalitet i den norske debatten om EU sitt datalagringsdirektiveng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeAORG350
dc.description.localcodeMASV-AORG
dc.subject.nus731111eng
fs.subjectcodeAORG350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel