Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLindland, Knuteng
dc.date.accessioned2013-10-11T16:28:16Z
dc.date.available2013-10-11T16:28:16Z
dc.date.issued2012-11-20eng
dc.date.submitted2012-11-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7393
dc.description.abstractSAMANDRAG Denne oppgåva undersøker i kva grad demokratisk tilbakegang heng saman med økonomisk vekst og kva kortsiktig effekt dette har. Tidlegare forsking har funne signifikant samanheng mellom auka demokrati og økonomisk vekst, det vil derfor vere interessant å sjå om denne samanhengen også er gjeldande når den demokratiske utviklinga går motsett veg. Bakgrunnen for å studere denne problemstillinga er den manglande konsensusen om samanhengen mellom demokrati og økonomisk utvikling. Her finnes det tre perspektiv, der det eine meiner det er tett og positiv samanheng, det andre at det er negativ samanheng. Tilhengarar av det tredje perspektivet meiner det ikkje er nokon signifikant samanheng mellom desse to variablane. Mykje av denne forskinga har konsentrert seg om demokratiske transisjonar. Færre har sett på autoritær transisjon og endringar som er mindre enn «fullverdige» transisjonar. Ved å analysere demokratisk tilbakegang av ulike størrelsar forsøker eg å få eit betre inntrykk av kva rolle demokratiet spelar for økonomien i land som opplever ulik grad av tilbakegang. Ved å sjå på endringar av ulik størrelse håpar eg effekten av demokrati skal kome tydelegare fram, i tillegg vil forskjellane mellom liten og stor tilbakegang bli illustrert. For å undersøke desse samanhengane nyttar eg regresjonsanalyse med paneldata der eg tek med informasjon for tida før og etter endringa. På denne måten ser ein betre eventuelle forskjellar i økonomisk vekst før og etter endringa. Eg vel å bruke kontrollvariablar som ofte har blitt brukt i analysar av demokratisk transisjon. På denne måten ser eg om desse variablane er signifikante også når ein analyserer endringar i motsett retning. Resultata tyder på at det ikkje er nokon signifikant samanheng mellom demokratisk tilbakegang og økonomisk vekst. Den økonomiske veksten til desse landa er også forholdsvis lik vekstraten elles i regionen. Mange av samanhengane er forholdsvis like, uavhengig av størrelsen på dei demokratiske tilbakefalla men demokratiets signifikans aukar noko når størrelsen på tilbakefalla eg undersøker blir mindre.en_US
dc.format.extent1325646 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleKva er samanhengen mellom demokratisk tilbakegang økonomisk vekst? Om den kortsiktige effekten av demokrati på økonomisk vekst i land med demokratisk tilbakegangeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sammenliknende politikk
dc.description.localcodeSAMPOL350
dc.description.localcodeMASV-SAPO
dc.subject.nus731114eng
fs.subjectcodeSAMPOL350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel