Vis enkel innførsel

dc.contributorVetti, Geireng
dc.contributor.authorYork, Eyvind Urkedaleng
dc.contributor.authorSolli, Arneeng
dc.contributor.authorDyrvik, Ståleeng
dc.date.accessioned2014-01-09T09:38:13Z
dc.date.available2014-01-09T09:38:13Z
dc.date.issued2012-06-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7646
dc.description.abstractDenne fagrapporten presenterer den spennande, interessante historia om husmannsvesenet og den store lokalhistoriske innsats og interesse for temaet, og forskinga om husmenn. Men mest av alt avdekkjer den kva vi ikkje kjenner til. Historiene om husmannsvesenet er ein del av norsk og europeisk historie som ikkje har blitt prioritert. Rapporten viser at det finst både forsking og kjelder for å trekkje forsking, formidling fram i lyset. Det vil utvide forståinga av vår eiga samtid og nære fortid. Rapporten er inndelt i fem hovuddelar. Del 1 er ei kort innleiing som set tonen for to sentrale moment i samband med husmannsvesenet i ei brytningstid i norsk historie, ein kan summere det opp med stikkorda demokrati og demografi. Del 2 er hovuddelen av fagrapporten. Den er ein gjennomgang av den historiske forskinga som har blitt gjort på husmannsvesenet, og er samstundes ein gjennomgang av husmennene og husmannsvesenet si historie, frå framvekst til avvikling. Gjennomgangen er delt inn tematisk. Del 3 er ein gjennomgang og drøfting av kjeldemateriale som er relevant for å få kunnskap omkring husmannsvesenet. Dei kjeldene som blir særleg blir drøfta er dei som går på personopplysingar og eigedomsopplysingar. For førstnemnde sitt vedkomande blir manntal og folketeljingar vurderte som kjelder for husmannsvesenet, og for sistnemnde blir matrikkelen, som er eigedomsregister over alle eigedomar i landet, vurderte som kjelde til husmannsvesenet. I del 4 kan ein finne ulike forslag til kva eit tenkt kompetansesenter om husmannsvesenet bør og kan innehalde. Viktige stikkord for eit slikt dokumentasjonssenter bør vere innsamling, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av kunnskap om husmannsvesenet for både forskarar, skulevesenet og for allment interesserte. Del 5 av fagrapporten tek kort for seg lokalitetsspørsmålet til eit kompetansesenter, med historiefaglege argument for kvifor nettopp Luster og Indre Sogn er eit særeige område i husmannssamanheng, og kvifor det vil passe seg å opprette eit senter akkurat i denne regionen. Til slutt finn ein ei rekkje vedlegg som illustrerer husmannsvesenet i tal, med tabellar som supplerer den historiske og historiefaglege gjennomgangen av husmannsvesenet i del 2. Fagrapporten blei skriven på oppdrag av Luster Sogelag og er publisert av Luster kommune.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherLuster Sogelageng
dc.subjectHusmann
dc.subjectNorge
dc.subjectHusmannsvesen
dc.subjectHusmannsplasser
dc.subjectSosial lagdeling
dc.subjectBosetning
dc.subjectJordeiendom
dc.subjectJordbruk
dc.subjectHusmannskontrakt
dc.subjectDokumentasjonssenter
dc.subjectHusmannssenter
dc.title”Vi Arbeidere er ingen faatallig Hær”: om husmannsvesenet i Noregeng
dc.typeResearch report


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel