Show simple item record

dc.contributor.authorHernes, Sigrideng
dc.date.accessioned2014-08-14T08:32:11Z
dc.date.available2014-08-14T08:32:11Z
dc.date.issued2014-05-21eng
dc.date.submitted2014-05-21eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/8272
dc.description.abstractSamandrag Denne sosiologiske studien omhandlar utdanningsvalet Vg3 påbygg til generell studiekompetanse, og tek for seg korleis motivasjonen for dette utdanningsvalet har utvikla seg for elevar rekruttert frå fagområde med ein sterk fagopplæringstradisjon. Med utgangspunkt i sytten kvalitative elevintervju, med elevar rekruttert frå bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon, har eg analysert kva det er som gjer at elevane på desse fagområda har byrja å orientere seg i retning høgare utdanning, og korleis denne motivasjonen utviklar seg over tid. Ut frå det empiriske datamateriale har eg analysert korleis elevanes erfaringar frå yrkesfag, samt erfaringar utanfor skulen, har hatt innverknad på valet om å byrje på påbygg. I tillegg har eg undersøkt korleis elevanes ynskjer og forventingar til framtidig utdanning og arbeid heng saman med utdanningsvalet. Viktige teoretiske verktøy for analysen har vore Georg Herbert Mead og Alfred Schütz sin generelle handlingsteori, tilnærminga om den "doble transaksjonen" (Dubar), og sosiologiske perspektiv på arbeidsorienteringar (Baethge), samt teoriar om utfordringar i det moderne. Analysen er delt inn i to delar. Fyrste del omhandlar elevanes opphavlege val om å byrje på yrkesfag. Gjennom analysen kjem det fram at dette valet i hovudsak var basert på eit ynske om noko praktisk, og elevane valte seg vekk frå det meir teoretiske dei forbant med allmennfagleg studieretning. Analysen viser korleis dette valet, for dei aller fleste, grunna ned i deira erfaringar frå tidlegare skulegong, og elevane orienterte seg mot framtida med basis i deira erfaringar frå fortida. Det kjem gjennom analysen tydleg fram at det var ein del usikkerheit knytt til yrkesvalet, og framtidsmåla var den gong noko uklare. Andre del tek for seg korleis elevanes motivasjon for å byrje på påbygg har utvikla seg, og eg går nærare inn på dei konkrete endringane som har ført fram til utdanningsvalet. Her viser analysen korleis elevane på bakgrunn av nye erfaringar har endra sine framtidsmål. Analysen synleggjer korleis nokre av elevane gjennom konkrete erfaringar har endra si sjølvforståing som har ført til nye perspektiv på framtida. Det kjem tydeleg fram at fleire av elevane hadde utvikla klarare framtidsmål når dei tok dette valet, men for ein heil del er det framleis ein del usikkerheit knytt til utdanningsvalet og framtida. På bakgrunn av samspelet mellom teori og empiri viser analysen korleis elevanes utdanningsval blir fatta gjennom ein prosess der deira sosiale utdanningsbiografi som ein heilskap, dei kontekstuelle elementa rundt, som kva slags mogelegheiter som faktisk er der, samt deira meir generelle planar for framtida er av betyding.en_US
dc.format.extent1052505 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleFrå tradisjonelle yrkesfag til ynskje om studiespesialisering - Ei studie av utdanningsval og motivasjonsutvikling i vidaregåande opplæringeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
fs.subjectcodeSOS360


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record