Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrand, Øystein Bolseteng
dc.date.accessioned2014-08-14T09:32:51Z
dc.date.available2014-08-14T09:32:51Z
dc.date.issued2014-05-14eng
dc.date.submitted2014-05-14eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/8278
dc.description.abstractTemaet for denne oppgåva er utviklinga av trålfisket i Noreg etter krigen og betydninga trålfisket hadde for utviklinga i den norske fiskerinæringa i same periode. Oppgåva tar for seg perioden 1945 til 1960 og viser at trålfisket for alvor innpass i den norske fiskerinæringa i løpet av desse åra. I 1960 var trålfisket ein integrert del av næringa. Dei første større trålarane kom i drift i Noreg på 1930-talet. Det utløyste stor debatt og trållovgjevinga vart strama inn. Det må sjåast i samanheng med dei økonomiske forholda i Noreg. Ein var også redd for at trålfisket ville føra til liknande endringar som i Storbritannia. Der hadde kystfisket fått mindre omfang, og trålarnæringa vart ei reiarbasert bynæring. Trålarlova av 1939 var streng, men opna òg for tildeling av mellombelse trålkonsesjonar. Mellom 1946 og 1951 vart det delt ut mange slike. I 1951 vart det vedteke ein ny trålarlov. Denne mogleggjorde ei større utbygging av trålarflåten enn tidlegare, men på strenge vilkår. Trålfisket var framleis konsesjonsbasert. På det meste hadde over 500 fartøy trålkonsesjon. Dei aller fleste var mindre fartøy og var ein del av den eksisterande fiskeflåten. Omlag 30 større trålarar hadde konsesjon. Dei største trålarane tråla etter torskefisk store delar av året, for det meste i Barentshavet. Desse var nært knytt opp til utbygginga av ein frysefiletindustri i Nord-Noreg etter krigen. Dei små trålarane dreiv trålfiske som sesongfiske, særleg etter torskefisk utanfor Finnmark på våren og sommaren. Nokre dreiv sildetråling i Nordsjøen. Utbygginga av den norske trålarflåten skjedde på heimlege premissar. Trålinga var heile tida konsesjonsbasert og under politisk kontroll. Fartøya var i all hovusak eigde av aktive fiskarar, sjølv om fiskeindustrien stod som eigarar av ein del av dei største trålarane. Busetnadsmønsteret i landet medverka til at ein ikkje fekk ei urbanisering av fiskeflåten slik som i England. Berre i Kristiansund og i Hammerfest vart det oppbygd trålarmiljø av ein viss storleik. Småtrålarane tok trålteknologien i bruk innanfor allereie eksisterande fiskeri. Oppgåva viser såleis at trålfisket fekk innpass i fiskerinæringa ved i stor grad å tilpassa seg dei eksisterande rammene i næringa i staden for å endra dei.en_US
dc.format.extent7309559 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectNorge
dc.subjectFiskerier
dc.subject1900-tallet
dc.subjecttråleng
dc.subjectfiskeeng
dc.subjectfiskerinæringeng
dc.subjecttrålingeng
dc.subjecttrålfiskeeng
dc.titleTrålfisket i norsk fiskerinæring 1945-1960eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeMaster i Historie
dc.description.localcodeMAHF-HIS
dc.description.localcodeHIS350
dc.subject.nus713107eng
fs.subjectcodeHIS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel