Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyklebust, Birteeng
dc.date.accessioned2014-09-01T09:09:26Z
dc.date.available2014-09-01T09:09:26Z
dc.date.issued2014-05-15eng
dc.date.submitted2014-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/8388
dc.description.abstractDenne undersøkinga har tatt sikte på å utføre ei nærmare gransking av provinsialstatuttet frå 1280. Dette vart motivert av Lars Hamre si oppmoding av ei djupare undersøking av norsk statuttlovgjeving, og vurderinga av statuttet frå 1280 som eit lite utforska emne. Først har vi sett nærmare på motivasjonen for innkallinga til konsilet der statuttet vart utforma, og dei endra tilhøva i Bergen då konsilet vart haldt. Det er ei etablert tolking i forskingslitteraturen at statuttet vart utferda som ein reaksjon på rettarbota frå kongemakta. Vi har sett på kva rettarbota innehaldt som kunne oppfattast som støytande, og korleis innhaldet i statuttet kan tolkast som eit forsvar i den endra situasjonen. Utgangspunktet for ei vidare gransking av statuttet har vore den islandske biskopen Arne Torlaksson si framferd i konflikta som utvikla seg i 1280-åra gjennom Biskop Arnes saga. Som biskop i Nidaros kyrkjeprovins var han med på provinsialkonsilet i Bergen 1280, og har fått ei avskrift av statuttet utforma her . Statuttet var gyldig i heile kyrkjeprovinsen. Vi har sett på den avgrensa omtalen vi fann i sagaen av statuttet for å komme fram til ulike syn på statuttet som gyldig rett. Vidare har vi prøvd å gje svar på ei problemstilling som ikkje tidlegare har vorte tatt opp i forskingslitteraturen: korleis vart statuttet brukt? Dette har vi gjort ved å sjå på bannlysingane biskop Arne kom med for å sjå om dei kunne ha heimel i provinsialstatuttet frå 1280. Vi har også sett på bannlysingsmønsteret til biskopen for å sjå om dette endra seg etter 1280, og årsakane til ei eventuell endring. Undersøkinga av bruken viser at statuttet truleg vart brukt som heimel av biskop Arne for nokre av bannlysingane sine. Forsvaret førte likevel ikkje til endrå åtferd hjå lekmennene, utanom at det førte biskopen fram til forlik medan han venta på støtte frå ein ny erkebiskop i Nidaros.en_US
dc.format.extent1172579 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectMiddelalderen
dc.subjectNorge
dc.subjectKatolske kirke
dc.subjectKirkelige forordninger
dc.subjectBiskoper
dc.titleBispebrevet. Bruken av provinsialstatuttet frå 1280.eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeMaster i Historie
dc.description.localcodeMAHF-HIS
dc.description.localcodeHIS350
dc.subject.nus713107eng
fs.subjectcodeHIS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel